Hopp til innhold

No er det høgsesong for trafikkulykker - UP følgjer nøye med

Påska er høgsesong for trafikkulykker. Både utforkøyringar og påkøyrsler etter forbikøyringar er ulykker ein ser mykje av i påsketrafikken.

UP

ER PÅ PLASS: Over heile landet held UP eit ekstra auge med påsketrafikken.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tal frå Statens vegvesen syner at det i fjor var fire drepne og 16 hardt skadde etter 134 ulykker med personskade i påskedagane.

I 2013 omkom 12 personar i trafikken berre i Sogn og Fjordane, og året er dermed det verste trafikkåret på lenge i Sogn og Fjordane. Ein må tilbake til 2004 for å finne eit meir tragisk år på vegnettet i fylket. Då omkom 13 personar.

Statens vegvesen oppmodar difor påsketrafikantane om å tilpasse farten etter køyreforholda, halde køen og bruke hovudet.

– Mange har det uforståeleg travelt i påsketrafikken. Det er betre å komme litt seinare fram enn ikkje å komme fram i det heile, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen, som har lova endå sterkare kamp for å få ned ulykkestala i trafikken.

Tok 19 for høg fart

I snitt har 5,5 personar mista livet i påsketrafikken dei siste ti åra. I tillegg har 20 vorte hardt skadde i om lag 153 trafikkulykker med personskadar kvart år.

UP-patruljen i Sunnfjord brukte sju timar på trafikkontroll på E39 ved Torvund og Norevikane fredag.

– Stort sett var køyringa ganske fin, iallfall når ein tek i betraktning kor mykje trafikk det var, seier Vereide.

Men einskilde heldt likevel i vel høg fart i 80-sona der kontrollen vart halden.

– Vi skreiv ut 19 forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 110 km/t, seier Vereide.

Sjølv om mange dermed fekk ein dyr inngang på påskeferien, tok dei fleste førelegget med fatning.

– Dei fleste tek det med greitt humør, sjølv om dei får ei klekkeleg bot. Faktisk seier dei fleste at dei tykkjer det er bra vi er ute og kontrollerer, seier Vereide.

Såg tendensar til farlege forbikøyringar

Karane i UP merkar fort endring på farten til trafikantane når dei syner seg.

– Når vi køyrer uniformert, går farten relativt raskt ned. Det har ein effekt, det er det ikkje tvil om, seier Vereide.

Terje Moe Gustavsen

VIL HA NED TALET: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen lovar endå sterkare kamp for å få ned ulykkestala på norske vegar.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fleire stadar i landet har UP meldt om hasardiøse forbikøyringar som dei har slege hardt ned på.

– Vi såg vel tendensar til det fredag, men ikkje av det verste slaget. Men det er viktig at folk tek det med ro, seier Vereide.

UP kjem til å vere synlege i trafikkbiletet gjennom heile påska, i håp om at det kan vere med på å hindre høg fart, og dermed fleire trafikkulykker.

– UP kjem til å vere på vegen meir enn normalt no i påska, det er heilt medvite, seier Vereide.

Ber folk smørje seg med tolmod

Halve Norge er på reisefot i påska. Tal frå Statens vegvesen syner at mange av ulykkene skjer som følgje av forbikøyringar i tett trafikk.

For høg fart, manglande bruk av bilbelte og hasardiøse forbikøyringar gir dramatisk høgare risiko både for ein sjølv og medtrafikantane i trafikken.

– Ved å tilpasse farten etter forholda og uansett ikkje køyre fortare enn fartsgrensa, gjer du ditt til at alle kan ferdast trygt i påsketrafikken, seier vegdirektør Gustavsen.

Det er ei oppmoding UP-betjent Vereide deler.

– Folk må smørje seg med tolmod. Finn din plass i køen og ikkje ta farlege forbikøyringar. Du vinn ikkje så mykje tid på det uansett, seier Vereide.