Hopp til innhold

Pasientombod fryktar kunnskapsløyse hjå helsepersonell - uroa for rettstryggleiken

Pasient- og brukaromboda er uroa for at pasientar ikkje får behandlinga og tenestene dei har krav på fordi helsetilsette ikkje har god nok kunnskap.

Pasient

RETTAR: Mange veit at ein kan klage på avslag om sjukeheimsplass, men at same klageretten gjeld for operasjonar, fritt sjukehusval og andre tenester i helsevesenet går fleire hus forbi.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Vi blir stadig kontakta om at ein ikkje har fått informasjon om rettane. Det er eit rettstryggleiksproblem. Korleis kan ein ta det i vare når ein ikkje får kunnskap?, spør Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes.

Pasientombod Lisa Førde Refsnes vil ha klagevettreglar for helsepersonell.

KLAGERETT: – Mange vil slå seg til ro med fagpersonar sine råd og vurderingar, men av og til ynskjer ein ei overprøving, seier Lisa Førde Refsnes. Korleis pasienten då skal gå fram er ikkje helsetilsette like flinke til å informere om trur ho.

Foto: Eva Marie Felde

Alle omboda i landet melder om at dei i kontakten med pasientar og pårørande ser at tilsette i helsevesenet har for lite kunnskap om kva rettar pasientane faktisk har.

Ho har snakka med pasientar som meiner å ha rett til fritt sjukehusval, men som på kort varsel får beskjed om at dei skal flyttast i løpet av berre nokre timar. Andre opplever å ynskje fedmeoperasjon men få avslag som stoppar opp i sjukehuset, og aldri når fram til siste klageinstans hjå Fylkesmannen.

Vil ha eige klagevettreglar

– Pasientar har rett til god informasjon. Helsepersonell pliktar å informere om klageretten. Det er den einskilde tilsette og leiinga sitt ansvar å passe på dette, seier Rune Johan Skjelaaen, leiar for Pasient- og brukarombod kollegiet.

Årleg får omboda rundt om i landet kring 15000 saker på bordet. I fjorårets samla årsmelding frå omboda, står det også at klage- og tilsynsstyresmaktene er uroa for at talet på rettigheitsklager dei tek imot er for lågt. Ho ynskjer seg eigne klagevettreglar for helsepersonell (sjå faktaboks).

- Det er ei utbreidd klagefrykt. Og det er vanskeleg å ta opp kritikkverdige forhold. Vi må sette inn tiltak for å auke kompetansen blant helsepersonell, for det er viktig for at folk skal kunne nytte seg av pasientrettane sine, seier Refsnes.

Meir ansvar over på pasienten

Det trur også fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, kan ha noko for seg.

Hans Johan Breidablik inne på sjukehuset

KOMMUNIKASJON: – Snakk saman og få klarheit i usemje så raskt som råd, er Hans Johan Breidablik i Helse Førde sitt klare råd til helsepersonell.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Løysinga er nok ikkje berre å bli flinkare på lov og rett, men å forstå og kommunisere betre. Då hamnar ein ikkje i ein situasjon der ein må bruke lova, men løyser det før.

Det trur også Refsnes er nøkkelen til betre pasientbehandling.

– Snakkar ein godt saman, så kjenner pasientar og pårørande seg godt tekne i vare og trygge.

Samstundes understrekar Breidablik at pasientane i dagens samfunn også må ta ansvar for å halde seg orienterte om kva rettar dei har.

– Nokre er for snille og lydige, og berre seier at du får gjere det som er best for meg. I den moderne pasientrolla må pasientane vere litt meir aktiv enn det, han må ta inn og stille spørsmål eller s er det ikkje sikkert han får halle svar han burde få.