Hopp til innhold

Pågåande seljarar gjekk rett inn døra

Politiet i Sogndal hadde laurdag kveld sitt fulle hyre med å jakte uønskte, men svært så pågåande seljarar i Sogn.

Dørseljarar

Politiet fekk meldingar både frå Gaupne, Marifjøra, Leikanger, Sogndal og Solvorn. I 23-tida kom politiet i kontakt med to av desse i Gaupne sentrum.

På politiloggen blir seljarane skildra som «ganske så pågåande».

– Nokre gjekk rett inn i husa og deretter avvist. Andre skal ha halde att døra då ein prøvde å lukke denne. Dei selde mellom anna leikar, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I alt skal det ha vore tale om ti seljarar som opererte i området. Den eine var blant ti austeuropearar som for få dagar sidan vart viste vekk etter tilsvarande meldingar frå Øvre Årdal, Årdalstangen og Lærdal.

– Dei vart gjort kjende med at dei ikkje var ønskte på dørene slik dei hadde vore denne kvelden, seier Hatlenes og har følgjande oppmoding til publikum:

– Dersom nokon ringer på døra på kveldstid slik som i går, så kan det vere greitt å gløtte i glaset først og sjå om det er kjentfolk. Om ikkje, så kan det kanskje vere greitt å ikkje opne.

– Og blir ein usikker så kontaktar ein politiet?

– Absolutt. Det kan ikkje vere slik at ein ikkje kan opne si eiga husdør.