Hopp til innhold

På tiggarferd for å berge skule

Fylkeskommunen sender no ut tiggarbrev for å berge jordbruksskulen i Aurland. Sogn jord- og hagebruksskule treng om lag 80 millionar kroner.

Sogn jord- og hagebruksskule

TRENG 80 MILLIONAR: Fylket ber no private om pengar for å berge skulen

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er verdt eit forsøk seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Bakgrunnen er at den økologiske jordbruksskulen treng 80 millionar kroner til naudsynt opprusting. Pengar som verken kommunen eller fylkeskommunen har og som staten ikkje har vore villig til å stille opp med.

Difor sender fylket no ut brev til alle tenkjelege interessentar.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

VIL IKKJE LA NOKO VERE UTPRØVD: Fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ulike organisasjonar, bransjar og utdanningsinstitusjonar har gitt uttrykk for at dei meiner skulen må få leve. Om nokon av dei har pengar å stille opp med, det veit eg ikkje.

Lite forståing

Så langt har fylket møtte lite forståing når dei har bede staten om pengar.

– Det har ikkje berre vore vanskeleg, det har vore nesten umogleg. Men det står og i fylkestinget sitt vedtak at det skal jobbast vidare inn mot sentrale styresmakter, og det arbeidet vil halde fram.

Eriksen skulle gjerne sett at fylket hadde sloppe å gå på tiggarferd til det private på denne måten for å berge ein skule.

– Men er nauda stor nok så gjer ein slike ting.Vi får jo ikkje noko drahjelp frå staten til slike investering det er snakk om her.

Vil be private om pengar oftare

Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland meiner det er uproblematisk at det offentlege tiggar pengar frå private, og meiner ein bør gjere meir av det framover.

Noralv Distad

MEINER TIGGARBREV ER UPROBLEMATISK: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H)

Foto: pressefoto, Høgre

– Eg synest ikkje vi skal vere redde for det.

– Di eiga regjeringa har vore lite villige til å sponse skulen?

– Eg jobbar kontinuerleg inn mot regjeringa med dette spørsmålet, og også mot representantar i Stortinget. Så dette er ei sak eg på ingen måte har gitt opp.