Hopp til innhold

Går manngard for å finne ulven

45 personar er på jakt etter ulv i Eid kommune i dag. I kveld fann jegerane eit spor dei trur er frå ein ulv, og konsentrerer søket i dette området.

Mogleg ulvespor i Eid

MOGLEG ULVESPOR: Jegerane er ganske sikre på at dette er spor frå ulv, men dette er ikkje stadfesta.

Foto: Privat

Ulvejegerane konsentrerer seg no om eit område ved skytebanen på sørsida av gamle E39 gjennom Stigedalen. Grunnen er både sporet dei trur er frå ein ulv og at sauene i området har vore veldig urolege i dag. Jegerane går no inn frå fire kantar for å undersøke området.

Bakgrunnen er at Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve på ein ulv nord for Eidsfjorden og Hornindalsvatnet. Løyvet gjeld frå 17. til 23. juli, og det har vore observert ulv i området fleire gonger dei siste månadane.

Har funne daude dyr

Arve Dahl leiar i Eid Sau og Geit

HÅPAR Å FINNE ULVEN: Leiar i Eid Sau og Geit, Arve Dahl.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Måndag er 45 personar med på jakta rundt Heggjabygda i Eid, og det er Eid Sau og Geit som er ansvarlege for fellingsløyvet.

– Ulven drep dyr på utmark og innmarksbeite. Det er lovbestemt at det ikkje skal vere ulv her, seier leiar i Eid Sau og Geit, Arve Dahl.

Arne Knut Årvik mista sjølv eit lam førre torsdag, då ulven drap eit av lamma hans.

– Det einaste vi veit er at vi har hatt observasjonar frå månadsskiftet april mai fram til no, seier Årvik.

Ber fleire søkje fellingsløyve

Eid Sau og Geit har fått hjelp av røynde folk frå Naustdal som var med på å felle ulven i Naustdal i fjor haust. Dei har også fått hjelp frå Sunnmøre, der Møre og Romsdal Sau og Geit hjelper til med sine erfaringar.

– Det er vi takksame for og det set vi stor pris på. Det er ikkje så enkelt dette, så då må vi vere samla, seier Dahl.

Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

VIL HA FLEIRE FELLINGSLØYVE: Leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Slik det er no er det naturleg at naboområde søkjer om fellingsløyve, meiner Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit. Han er sjølv til stades for å følgje med på jakta som går føre seg.

– Eg ser det som naturleg at tilstøytande område har fellingsløyve klart i tilfelle ulven flyttar seg på andre sida av fylkesgrensa, seier han.