Driftssjef Carina Endresen Solvåg I Svelgen oppvekst fortel at det vart oppdaga kakerlakkar på SFO første skuledagen i august.
– Sidan det er kjøkken på SFO stengde vi av heile avdelinga. Så fekk vi inn skadedyrfirmaet Rentokil som sette opp detektorar for å fange kakerklakkane.
Og det hjelpte. I september vart det funne berre nokre få eksemplar i detektorane, og den 10. november var det heilt fritt for kakerlakkar. Og då trudde alle at dei var kvitt problemet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Klasserom blir stengt
Men berre to veker etterpå, tysdag i denne veka, vart det på ny oppdaga nokre eksemplar, seier Solvåg.
– Det var nokre tilsette som skulle gjere noko arbeid på kveldstid. Då dei slo på lyset, oppdaga dei kakerlakkar på golvet i klasserommet til første klasse.
Dermed blir dette klasserommet stengt av - i første omgang ut neste veke - og Rentokil var i dag på ny på plass for å utplassere detektorar.
Kvar kjem dei frå?
Og no er det store spørsmålet: Kvar kjem desse kakerlakkane frå?
– Vi veit at dei ikkje kan kome frå naturen rundt skulen, og dei finst ikkje i andre offentlege bygningar i Svelgen, seier driftssjef Carina Endresen Solvåg.
Ho har ikkje haldepunkt for å seie om skadedyra kan ha kome med elevar, men vedgår at det er ein tanke dei har tenkt.
– Men vi har ikkje nokon konkret mistanke om kvar dei kan kome frå.
Og så er det neste spørsmålet: Kan skuleelevane få med seg kakerlakkar heim?
– Det trur vi ikkje er så sannsynleg. For desse dyra trivst ikkje i lys, og det er lys på så lenge elevane er på skulen, seier driftssjefen.