Hopp til innhold

På denne vegen må du klare deg utan mobildekning

Aurlandsvegen kjem ikkje til å få mobildekning i overskueleg framtid. Dermed må bilistane leve med halvanna mil utan dekning.

Aurlandsvegen

MOBILFRITT: På Aurlandsvegen er eit område på nær tre mil utan mobildekning.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det er ein fantastisk veg, men mobildekninga er så godt som fråverande. Det ligg ikkje inne planar om å gjere noko med det, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Fylkesveg 243 går mellom Lærdal og Aurland. Tre mil av fylkesvegen er heilt utan mobilsamband.

Tidlegare har både politi og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, slege alarm fordi dei fryktar konsekvensane av ei alvorleg ulykke på turistvegen, når reisande er utan moglegheit til å melde ifrå.

Meiner det må vere eit samfunnsansvar

Vegen har status som Nasjonal turistveg, eit grep som er gjort for å gjere Norge til eit meir attraktivt reisemål.

Etter at utsiktspunktet på Stegastein kom på plass i 2006 har turisttrafikken på Aurlandsfjellet auka sterkt. Årsdøgntrafikken i 2011 var rekna til 100 køyretøy på fjellovergangen, men i området rundt Varahaug bru er trafikken noko høgare då denne delen av fylkesvegen er eit populært utgangspunkt for fjellturar.

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

UROA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, likar situasjonen dårleg.

Ordførar Jan Geir Solheim er kritisk til den manglande mobildekninga.

Det må vere eit samfunnsansvar å dekkje ein så viktig fjellovergang som dette er på sommarstid, seier Solheim.

Fryktar ei ulykke på vegen

Han peikar på at når det er satsa så mykje på to offentlege attraksjonar på den nasjonale turistvegen, så er det uhaldbart at tre mil av strekninga er utan mobildekning.

– Vi har satsa mange millionar på å trekkje folk opp i området, og då burde mobildekning følgt med. Det går mykje bussar over der, og skjer det ei stor ulykke og ingen får kontakt med mobiltelefon, så kan det få katastrofale følgjer, seier Solheim.

Han har forståing for at ikkje alle vegar i Norge kan ha full mobildekning, men meiner likevel tilbodet på Aurlandsvegen ikkje er godt nok.

Frå Lærdal si side handlar det også om at vi har ei heil grend som ikkje har mobildekning. Grenda Erdal med om lag 30 fastbuande har ikkje mobildekning per i dag, seier Solheim.

15 prosent av landet manglar mobildekning

Amundsen forstår problematikken, men trur det alltid vil vere slik at einskildvegar i Norge ikkje har full mobildekning.

– Dette er ein slik veg. Det finst ikkje noko infrastruktur, korkje straum eller samband, så her trur eg ein berre må nyte køyreturen og vere klar over at ein manglar mobildekning i om lag to mil, seier Amundsen.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

VIL KOSTER MILLIARDAR: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier det vil koste enorme summar å skaffe mobildekning på stadar som Aurlandsvegen.

Foto: Telenor

Han legg til at det finst mange liknande vegar i landet.

Om lag 15 prosent av arealet vårt manglar mobildekning, seier Amundsen.

Han peikar på Rallarvegen, sykkelvegen mellom Haugastøl og Myrdal, som er svært trafikkert sommarstid.

– Her er det også delar av vegen der det manglar mobildekning. Eg veit ikkje kor rett det vil vere å bruke milliardbeløp på å skaffe dekning på slike vegar, seier Amundsen.