Hopp til innhold

Flaumen øydela vegar for 25 - 30 millionar

71 stadar på fylkesvegane er skadde etter flaumen og ras dei siste dagane. Innbyggjarane i Undredal må vente lenge på skikkeleg og betra veg.

Uframkommeleg veg i Fresvikdalen

STORE SKADER: Flaumen i Aurland har gjort store skader, også på vegnettet For å få på plass ein skikkeleg og forsterka veg vil det gå lang tid.

Foto: Rune Åmot

Mange av punkta kan ryddast lett, men fleire treng reparasjonar. Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen konstaterer at riksvegane har klart seg bra, medan det motsette gjeld for fylkesvegane.

Nils Magne Slinde

VIL KOSTE: – Mange av reparasjonane som må til no er av den enkle sorten. Men tre punkt vil krevje meir, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: NRK

– Det er fylkesvegnettet som har fått mest juling denne gongen. Lite skade på riksvegnettet. Vi har faktisk 71 punkt på fylkesvegnettet som har skader. Totalt snakkar vi om kostnadar på ein stad mellom 25 – 30 millionar kroner, seier Slinde.

Han strekarar under at tala berre gjeld fylkes- og riksvegane Statens vegvesen har ansvar for. Skadane på det kommunale vegnettet kjem i tillegg til dette.

Enkle jobbar først

Etter at vatnet trakk seg tilbake onsdag frå flaumråka Lærdal og Aurland har Statens vegvesen hatt masse folk ute for å få oversikt over situasjonen. I Aurland er framleis 160 personar evakuerte etter flaumen.

Slinde ser at det er mykje jobb dei står føre i å bygge opp att vegane. Nokre ting er enklare å rydde opp enn andre.

– Det skal seiast at mange av desse punkta er av typen der vatnet har stige opp så det er mykje slam og vegetasjon som er rimelege å rydde opp. For å rydde slam og vegetasjon vil dette skje ved hjelp av gravemaskin langs vegen, og vasking og spyling av vegbana. I tillegg må alle stikkrenner ryddast

– Så når ein plukkar vekk dei enklaste sit vi att med tre skikkeleg store reparasjonar.

Tre store oppbygningar

Men nokre oppryddingar vil verte langt meir omfattande.

– Det gjeld vegen frå Aurland til Lærdal, Fresvik i Vik kommune og det er vegen til Undredal i Aurland. Det er ikkje overraskande at det er vegen til Undredal som er den vegen som har fått mest skade. Det blir eit stort arbeid å bygge opp att vegen der.

Planen i Undredal er først og fremst å få på plass ei mellombels bru.

– Vi vil prøve å få på plass ei mellombels bru over eit av gjela der vegen er vekke. Det må vi ha for å for å komme til dei områda som er mest øydelagde lenger fram mot Undredal. Så raskt ei bru er på plass vil vi kunne få fram utstyr og fyllmasser til å gå i gang med ein mellombels veg til bygda.

– Vidare ser vi føre oss ei totrinnsutbygging. Først ein raskast mogeleg reparasjon som vil ta nokre veker. Deretter ei grundig oppbygging av vegen som nok vil ta lang tid.

(Saka held fram under videoen)

Veg vekke i Underdal

Store kostnadar

Slinde sine anslag av kostnadar viser at berre at å få veg til Undredal vil koste mellom 5 – 10 millionar. Dessutan er det ikkje mange år sidan både Fresvik og Undredal hadde tilsvarande øydeleggingar.

– Så vi vil nok ta initiativ til ei meir langsiktig og omfattande forsterking av elveleiet i bygdene saman med NVE og kommunen. Då snakkar vi større kostnadar.

Trass i at fylkeskommunen er tvinga til å kutte til beinet, har Slinde tru på at finansieringa av oppbygginga vil gå greitt.

Må skje raskt

– Vi har god tradisjon i Norge for å omprioritere midlar for å få gjort reparasjonane. Vi vil uansett gå raskt i gang med å bygge opp att slik at folk får att vegane sine så snart som mogeleg.

Han viser til at det er opp til fylkeskommunen å bestemme korleis dei skal finansiere reparasjonane på fylkesvegnettet.

– Vår jobb er å syte for raskast mogeleg oppattbygging og gje politikarane ei oversikt slik at dei veit kor mykje pengar som må settast av. Både til strakstiltak og til meir robust oppbygging av vegane slik at vi ikkje får desse kostnadane kvar gong det er flaum.