Hopp til innhold

Rekordoverskot for SFE

Rekneskapen til Sogn og Fjordane Energi (SFE) viser eit overskot på 419 millionar etter skatt i 2014. Eigarane får eit utbyte på 77 millionar.

Asgeir Aase
Foto: Oddleif Løset / NRK

Resultat har auka frå 285 millionar kroner i 2013.

– Dette er historisk høgt. Vi har aldri vore så høgt. Det er grunn til å vere veldig godt nøgde, seier konsernsjef Asgeir Aase til NRK.

I ei pressemelding opplyser SFE at årsaka til det store overskotet er gevinst etter sal av kraftproduksjon i Luster, og resultatet kjem trass ei større nedskriving på kraftproduksjon i Svelgen.

Betre ordinært resultat

Det ordinære resultatet vart 103 millionar kroner, ein auke på 11 millionar frå 2013.

Kraftprisane var låge i 2014, men reduserte skattekostnadar og godt arbeid bidreg til forbetringa av resultatet, seier Aase.

– Vi har klart å oppnå gode prisar i marknaden. Vi har disponert vatnet på ein god måte og hatt god drift, seier han.

77 millionar til offentlege eigarar

Styret i selskapet har bestemt at det ordinære resultatet utgjer grunnlaget for utbytet til eigarane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, sju eigarkommunar og BKK får til saman 77,4 millionar kroner:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: 37,3 millionar.
  • BKK: 29,8 millionar.
  • Flora kommune: 3,5 millionar.
  • Gloppen kommune/Gloppen energi: 2,6 millionar.
  • Bremanger kommune: 1,9 millionar.
  • Askvoll kommune: 1,1 millionar.
  • Selje kommune: 1,1 millionar.
  • Eid kommune: 100.000 kroner
  • Naustdal kommune: 50.000 kroner.