Over 600 var samla på High Camp

Årets High Camp var utseld på under eitt døgn.

Trass i skiftande vêr og stengde vegar har helga på High Camp Turtagrø ifølgje arrangøren vore ein suksess.

I år var festivalen utseld på under eitt døgn, og festivalsjef Marit Vidnes er veldig nøgd med interessa for arrangementet.

– Det er veldig hyggjeleg at fleire og fleire får lyst til å komme på High Camp. Vi har sett ei veldig stor auke i interessa for topptur, spesielt dei siste åra, og håpar endå fleire får opp augo for sporten framover.

I helga har over 600 personar vore samla på Turtagrø, og dei som har vore her har mellom anna vore med på foredrag med Aleksander Gamme, Ane Enderud og Sverre Hjørnevik, stand-up, afterski og quiz.

For mange var nok det utanomsportslege høgdepunket dunjakkedisko laurdag kveld, medan snøen lava ned.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.