Hopp til innhold

Dystre utsikter i Florø - over 400 arbeidsplassar kan forsvinne

Nedlegging av politidistrikt og skattekontor, mogleg sal av Fjord1 og kutt av over 250 arbeidsplassar tilknytt oljebasen. Pilene peikar feil veg for kystbyen Florø om dagen.

Florø

KYSTBY UNDER PRESS: Fleire hundre arbeidsplassar i Florø er truga.

Foto: unknown / NRK

– Det som skjer i Florø no, er på mange måtar dramatisk, seier Ola Teigen.

Ordførarkandidaten frå Ap er ein av mange som er uroa. Ikkje minst er politikarane i Flora uroa. Etter mange oppturar dei seinare åra har tidene skifta. Fleire av dei viktigaste arbeidsplassane i kystbyen er under press.

50 jobbar på politihuset i fare

Ola Teigen

MANAR TIL KAMP: Ap sin ordførarkandidat i Florøa, Ola Teigen, har ikkje gitt opp å få berga mange av dei 400 arbeidsplassane som er under press.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsfleirtalet vil legge ned Sogn og Fjordane politidistrikt, det kan også gå utover Alarmsentralen i Sogn og Fjordane som lenge har vore under press.

– I alt nær 50 jobbar kan verte råka berre her, seier Teigen som enno ikkje har gitt opp kampen for politidistriktet.

Politihuset i Florø

HAMNAR UNDER BERGEN: Regjeringa, med støtte frå Venstre, har bestemt at Sogn og Fjordane polidistrikt skal opphøyre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Uvisse ved Fjord1-fusjon

Eit fylkeskommunalt sal av Fjord1 kan gjere at 90 jobbar forsvinn frå Florø. Førebels veit ingen kvar hovudkontoret til eit eventuelt samanslått selskap av Fjord1 og Norled vil ligge. Norled har i dag hovudkontor i Stavanger og kontor i Bergen og Oslo.

Førre gang Fjord1 fusjonerte, då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåter slo seg saman, vart administrasjonen i Molde lagt ned til fordel for Florø.

I tillegg kan vel 20 jobbar ved skattekontoret i Florø bli flytta vekk når etaten no skal omorganisere og effektivisere.

Fjord1-administrasjon

UVISSE: Fjord1 vil slå seg saman med Norled. Kva som då skjer med dei 90 tilsette ved hovudkontoret i Florø, veit førebels ingen.

Foto: Truls Kleiven

250 arbeidsplassar på basen kan forsvinne

Også ved oljebasen mister mange jobben. Bjørn Hollevik i Flora industri og næringsforeining spår at 250 jobbar forsvinn i Flora i løpet av året som følgje av at Statoil legg ned forsyningsaktiviteten.

I tillegg vil skifte av operatør for røyrhandteringa truleg gjere at endå fleire mister jobben sin.

– Dette byrja Statoil med i rett før jul, og dei skal vere ferdige til 1. november i år. I tillegg har vi altså eit operatørskifte, seier Hollevik.

Supplybåtar ved Fjord Base

BLIR FÆRRE: Nedgangstidene i oljebransjen får følger ved Saga Fjord Base på Botnaneset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Hollevik og Teigen i Ap vil kjempe for Fjord1 sitt hovudkontor i Flora. Hollevik som også er Høgrepolitikarar og vara til Stortinget manar også til kamp for dei offentlege arbeidsplassane som hans eiga regjering har sett under press.

Bjørn Hollevik

GIR IKKJE OPP: Stortingsvara og 2. kandidat på Høgre si fylkestingsliste, Bjørn Hollevik, er klar på at Florø treng offentlege arbeidsplassar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er heilt opplagt at skal vi lykkast med auka sysselsetting, så er vi heilt avhengige av å ha tilgang på offentlege arbeidsplassar. Det forundrar meg gong på gong at den typen arbeidsplassar så lett og utan diskusjon skal flyttast til sentrale strok, seier stortingsvararepresentanten frå Høgre.