Øvinga med namnet «Øvelse Tyr» handla om å redde folk etter ein kollisjon mellom ei bilferje og ein snøggbåt i fjorden utanfor Leirvik i Hyllestad. Bilferja «Dalsfjord» og snøggbåten «Frøya» hadde rollene som dei to fartøya.
Det var kaldt både i vatnet og i lufta, og det var viktig å berge folk så raskt som mogeleg.
Og det var ei svært omfattande øving med rundt 1000 personar involverte på eitt eller anna vis. 100 av dei var markørar, mange med alvorlege skadar. På Politihuset i Florø var det operasjonssentral.
- LES OGSÅ:
Stort omfang
Beredskapsdirektør Kåre Songstad har fylgt med på det som skjedde frå start til slutt. Han presiserer at dei skal ha ei grundig evaluering seinare, men førsteinntrykket er at det meste fungerte som det skulle, både på øvingsstaden og i sentralen i Florø.
– Det ser bra ut så langt, vi har fått gjort det vi skulle gjere, og dei måla vi hadde sett for øvinga ser ut til å vere gjennomført.
Han meiner det mest spesielle med øvinga var det store omfanget.
– Vi har samla store ressursar på ein stad og trena alle saman. Det er ein krevjande situasjon. Det krev mykje koordinering, og det krev mykje av kvar einskild, men det er viktig å øve på det for å bli flinkare til å gje livreddande hjelp når ei så stor ulukke skjer.
Nasjonal øving
Meininga er at naudetatane i heile landet skal ta lærdom av øvinga i Sognefjorden, seier Songstad.
– Dette er den øvinga Politidirektoratet gjennomfører ein gong i året, det er ei nasjonal øving. Denne gongen er øvinga lagt til Sogn og Fjordane, og den er lagt slik at vi kan øve på moment som oppstår når ei ulukke skjer mellom to fylke, to alarmsentralar og to sjukehusområde. Det er også fleire kommunar involverte.
Øvinga i dag var den sjette i rekka av nasjonale øvingar, alle med namnet Øvelse Tyr, og alle i veke 44. Den første vart avvikla i Søndre Buskerud i 2007. I 2011 vart det ikkje øving på grunn av hendingane 22. juli.
I alt var meir enn 30 verksemder/etatar med på øvinga. Politi, brann, helseetatar, Hovudredningssentralen, Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap, Sivilforsvaret, Heimevernet, Kystvakta, Redningsselskapet, Fjord1, Norled, Røde Kors var representerte, i tillegg til fleire friviljuge.
Ei lang rekkje ambulansebilar, Luftambulansen og eit redningshelikopter var og involvert.
– Ei grusom oppleving
Mellom dei mange som var med på øvinga som markørar var Melissa Hansen og Elin Seljeset.. Det var ei heftig oppleving, fortel dei.
– Det var heilt forferdeleg, det var ei grusom oppleving. Tre av venninnene mine var hadt skadde, men eg var ikkje skadd, så eg var med på å ta vare på dei.
Ei anna fortel at ho var uskadd markør, oppgåva hennar var å springe rundt og vere hysterisk.
– Eg ropte på folk og leitte etter kjende. Det var ikkje kult i det heile, eg begynte faktisk å grine fordi eg levde meg slik inn i rolla.
– Korleis var samarbeidet med helsepersonell?
– Eg synest ikkje det var godt. Eg synest dei vimsa litt for mykje. Eg meiner at dei som var hardast skadde låg lenge åleine.
– Lærerik dag
Politimeister Ronny Iden seier dei har hatt ein svært krevjande, men interessant og lærerik dag.
– Eg har site midt oppe i det i heile dag, men eg har hatt ei god oppleving, det har gått godt.
– Kva har ei slik øving å seie for den debatten som går om samanslåing av politidistrikt?
– Det skal eg ikkje ha sagt så mykje om. Det som er sikkert er at det er viktig for oss å vise at vi duger, og det trur eg vi har fått vist i dag. Men det må seiast at det er langt fleire enn politiet som har gjort ein innsats i dag.