To born på åtte og ti år blei vitne til at foreldra omkom då Nigardsbreen kalva over dei søndag ettermiddag. Den tyske familien hadde vore på ein guida tur saman med over 30 andre, då dei la ut på eiga hand og braut sperringa nær breen.
Ei isblokka ramla ned i breporten nær inntil isen, og dei to personane i 30-åra fekk isen over seg.
– Dette er djupt tragisk og det er absolutt noko vi ikkje skulle opplevd. Vi kan tenkje oss kor forferdeleg borna har det, seier Knudsen.
- LES OGSÅ:
Får krisehjelp
Politi, ambulanse, redningshelikopter, ambulansehelikopter, redningsmannskap og redningsdykkarar rykte raskt ut til staden. Det har blitt leita for å finne ut om fleire blei tekne då det raset, men søket er no avslutta.
Luster kommune har eit kriseteam som no skal hjelpe dei to borna. Politiet held på å få tak i tyske slektningar.
Har både sperring og skilt
Ordførar Ivar Kvalen seier alle brefrontar er farlege i varmen og at smeltinga har vore stor.
– Om Nigardsbreen er farlege enn andre skal ikkje eg ha sagt. Men vi veit det har vore langvarig varme og smeltinga har vore store, kanskje større enn normalt. Brefronten vi vere meir ustabil enn elles og difor er det viktig å halde god avstand seier han.
Kommunen har sett opp sperringar som ei trygg buffersone fram mot brefronten.
– Når ein respekterer dei, skal ein vere på trygg grunn. Vi har sett opp skilt på fleire språk slik at det skal vere tydeleg kunngjort at dei finn seg i eit rasfarleg område. Vi må oppmode folk om å respektere det, seier han.