Hopp til innhold

Opseth-mål gav Sogndal-siger i generalprøven

Sogndal vann i kveld 2-1 over Hødd på Ulsteinvik i den siste treningskampen før seriealvoret startar.

Kristian Fardal Opseth

GREIP SJANSEN: Kristian Fardal Opseth skåra begge måla til Sogndal. Arkivfoto.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogndal-trenar Eirik Bakke var godt nøgd etter kampen.

– Det var spelemessig bra, vi hadde god kontroll på kampen og skåra to fine mål, det var bra for gutane å få ein siger no før serien tek til. Vi har enno mykje å arbeide med, men det var ein veldig fortent siger.

– Opseth melde seg på

Kristian Fardal Opseth fekk spele frå start i kampen mot Hødd i skadefråveret til Mahatma Otoo, og han nytta sjansen godt. Rett før pause gav han Sogndal leiinga 1-0, og ti minutt ut i andre omgang ordna han 2-0.

– Kristian har jobba godt i det siste, og han fortente å få spele. Han melde seg på i kampen om å få spele framover. Men det tetnar seg til der, vi hadde fire-fem spelarar vekke i denne kampen, seier Bakke.

Bortsett frå Mahatma Otoo som truleg er ute to-tre veker med skade, skal alle vere klare til kamp mot Bærum i seriestarten 6. april.

Innlegget til 2-0-målet kom frå Victor Grodås, son til tidlegare Sogndal-keeper og landslagsspelar Frode Grodås.

Hødd reduserte til 2-1 på straffespark ved Michael Karlsen.

For Victor Grodås og Robin Shroot var det eit gjensyn med gamle lagkameratar. Shroot starta kampen på benken, men kom på bana etter kvilen. For Grodås vanka det eit gult kort etter at han felte ein Hødd-spelar bakfrå.

Gode debutantar

Nysigneringa Lars Christian Kjernhus med fortid i Bønes og Brann fekk ein rekordrask debut. Han spelte frå start og gjorde ein god figur, seier Eirik Bakke.

– Eg er godt nøgd med han. Ein flott type som gir oss mykje energi. Både han og Christian Sukke (keeperdebutant) stod fram. det var mykje positivt i dag.

Sogndal hadde denne startoppstillinga i dagens kamp:

Christian Sukke, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Edin Øy, Lars Christian Kjernhus, Kristian Fardal Opseth, Simen Brekkhus.

Benken: Kristian Rutlin, Joar Tryti, Robin Shroot, Ulrik Flo, Simen Lefdal, Helge Haugen.