Hopp til innhold

Opprør mot alderen – 72 år og taggar

I staden for å strikke, hekle eller løyse kryssord, er Elisabeth Knap (72) i Balestrand heller ute og gjer noko dei fleste av oss ikkje forbind med pensjonistar. Ho taggar!

Elisabeth Knap (72) tagger. Musikk frå NRK Urørt - Remember 15 av Kappekoff

– Når du blir gammal, kan du gjere kva pokker du vil! Seier Elisabeth Knap (72) og påfører eit nytt lag med spraymåling.

Svart spraymåling på kvit vegg. Motivet tar form, og snart ser vi ein hund på veggen. Ikkje ein hund slik som Oddvar Torsheim sin. Denne er nemleg permanent.

Når folk høyrer orda tagging eller graffiti, tenker mange på pøbelungdom. Er du ute om kvelden no, kan du plutseleg møte på ein skikkelse med mørke klede og stor lue. Då er det sannsynlegvis Elisabeth Knap, pensjonistane sin eigen ungdom.

– Eg måtte prøve noko nytt, eg trengde ei utfordring.

HØYR RADIOREPORTASJA:

Det siste kunstverket hennar finn du på Nordeide i Høyanger. I førre veke var ho der med sprayboks og laga to vakthundar på det gamle postopneriet. Tagging blir oftast sett på som hærverk, men Knap fekk løyve av huseigaren til å tagge på bygningen.

Elisabeth Knap

LITE KUNSTVERK: Elisabeth Knap ser på vakthunden ho nettopp har laga.

Foto: Elias Engevik / NRK

LES OGSÅ: Torsheimhunden skal få ny heim - NRK – Sogn og Fjordane

Opprør mot alderen

Elisabeth Knap er kunstnar og opphavleg frå Sandefjord, men har budd i Balestrand i sju år. No fartar ho rundt med sprayboksen i protest mot staten, som ho meiner pensjonerer eldre før det er nødvendig.

– Dette er ein protest mot at vi eldre blir avskilta, at vi ikkje kan brukast. Dette trigga meg, vi kan gjere det minst like godt som 25-åringane.

Knap begynte å tagge i sommar. Ho lagar sine eigne sjablongar (utskoren pappmal) med ulike motiv. Prosjektet kallar ho for «AvKnap». Det går først og fremst ut på å gjere kumlokk om til av- knappar, ved å tagge detaljar rundt loket. Elles er det andre motiv som er blitt påført bygningar og vegar rundt i Sogn og Fjordane.

– Eg var i Førde på natta for å tagge. Plutseleg kom det to vaktar og bad meg slutte. Då sa eg «greitt, då kan eg berre komme igjen ei anna natt.»

For å komme seg rundt har ho ein svart Mini Cooper. Her har Knap med seg hunden «Hipp Hipp», sprayboksar og malar på papplater for å lage kunstverka.

Elisabeth Knap seier seg fornøgd med motivet på veggen. Eit symbol står igjen som bevis på at ingen er for gamle til å gjere det dei sjølve vil.