Hopp til innhold

Opprettheld væpning - også i Sogn og Fjordane

Sjøv om terrortrussel-situasjonen no er ytterlegare nedjustert, vil politiet framleis bære våpen. Også her i Sogn og Fjordane.

Bjørn Larsen

FRAMLEIS VÆPNA: Politiet vil framleis vere væpna i dagane framover. Fungerande politimeister Bjørn Larsen seier at situasjonen er krevjande.

Foto: arkiv / NRK

Beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Kaare Songstad, var tysdag ettermiddag klinkande klar på at situasjonen framleis er alvorleg, sjølv om ein no vil setje meir politiressursar inn på etteretning.

– Det vil framleis vere både væpna sivilt og synleg politi, men frå og med tysdag normaliserar og reduserar vi politiberedskapen gradvis. For den vanlege borgar så betyr dette at det framover vil bli mindre politi ute i gatene, sa Songstad.

Har vore krevjande

Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Bjørn Larsen, seier til NRK at dei også no vil gjere ei gradvis nedjustering inn mot ein normalsituasjon i løpet av nokre dagar.

– Det er ikkje tvil om at dette er krevjande for heile politiet som organisasjon. Dette er jo også ein periode av året der politiet også avviklar ferie, så det har vore krevjande, men vi har klart å oppfylle dei forventningane som sentrale styresmakter har sett til oss, seier Larsen.

– Stor innsatsvilje

Fleire stader i landet har politifolk på ferie blitt kalla tilbake på jobb, her i fylket har ein klart seg med mannskap som anten har vore i aktiv teneste, eller hatt turnusfri.

– Det har ikkje vore naudsynt for oss å kalle folk tilbake frå ferie, men det har vore stor innsatsvilje blant dei mannskapa som har vore vore på jobb. Dei har stått på både seint og tidleg, sler Larsen fast.

– Har de byrja å rekne på kva dette har kosta i kroner og øre?

– Nei, det har vi ikkje. No har vi konsentrert oss om å få gjort den jobben som vi er bedne om å gjere. Så får den økonomiske biten av det kome i ettertid.

Politidirektoratet om siste nytt i terrorsaken.