Hopp til innhold

Styret har bestemt seg for å leggje ned 1881 si avdeling i Lærdal

Styret i Opplysningen 1881 AS har bestemt seg for å leggje ned selskapet si avdeling i Lærdal. 28 tilsette mister no jobben.

Opplysningen 1881 i Lærdal
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Styret meiner avdelinga i Lærdal har stor overkapasitet som følgje av fall i marknaden for manuelle opplysningstenester, heiter det i ei pressemelding frå Opplysningen 1881.

Avdelingane på Otta og i Namsos med til saman om lag 166 tilsette vert vidareført som i dag, men avdelinga i Lærdal blir lagd ned.

Greidde ikkje finne ei løysing

Ifølgje pressemeldinga har Opplysningen 1881 dei siste vekene vore i dialog med Lærdal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV og Innovasjon Norge for å prøve å komme fram til tiltak som kunne ha sikra vidare drift for avdelinga i Lærdal.

Denne dialogen gav ingen konkrete resultat.

– Vi føler at vi over lengre tid har snudd alle steinar for å kunne redde arbeidsplassane i Lærdal. Det er sjølvsagt skuffande dialogen ikkje førte fram til ei løysing – det same gjeld eit alternativ med overføring av verksemda til eit nytt selskap, seier administrerande direktør Jan Erik Sørgaard.

– Eg håpar bidraget vårt i form av lokale, møblar og PC- og IT-utstyr til Lærdal kommunes sitt omstillingsfond kan hjelpe kommunen i ein vanskeleg situasjon, legg han til.

Ikkje lenge sidan 1881 halverte

Talet årsverk ved Opplysningen 1881 i Lærdal vart halvert så seint som for eitt år sidan. Dei resterande 28 tilsette vil no miste jobben som følgje av nedlegginga, som vert sett i verk frå 1. april 2012.

Alle dei tilsette får sluttvederlag utover ordinær oppseiingstid.

Opplysningen 1881 melder at omstillinga innan manuelle opplysningsteenester i Norge har pågått i meir enn ti år, og at dette hovudsakleg skuldast fallande volum for kjernetenestene.

Opphavleg vart dei manuelle opplysningstenestene levert frå i alt 16 ulike stader i Norge. I dag er berre fire av desse avdelingane igjen: Tre vert drivne av Opplysningen 1881 AS, og ei avdeling er outsourca til ISS.

Krevjande å finne nye jobbar

– Det er dårlege nyhende kvar gong vi får melding om nedlegging i fylket, og spesielt når det rammar så mange som i ein liten kommune som Lærdal, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane.

– Kva skjer no med dei 28 tilsette som mister jobben?

– Det er ein krevjande situasjon. Dette er hovudsakleg kvinner i vaksen alder. Stort sett har dei jobba med denne typen oppgåver, og det er krevjande å finne alternative verksemder for dei på grunn av innstrammingane som skjer i helsesektoren, seier han.

- Var kjempeviktige arbeidsplassar

Thorsnes karakteriserer situasjonen svært alvorleg for dei som er direkte råka av nedlegginga i 1881. Han ser også at situasjonen er krevjande Lærdal kommune.

– Dette var kjempeviktige arbeidsplassar for samfunnet i Lærdal. Situasjonen er alvorleg, seier han.

– No skal vi gjere alt vi kan med dei ressursane vi har - saman med andre aktørar, slik at dei tilsette skal føre seg tekne vare på. Dei skal få bistanden dei treng.