Hopp til innhold

Opplevde draumetur i Himalaya - sjølv om han måtte droppe «verdas vakraste fjell»

Honndølen Knut Sollid drøymde om å komme seg til topps på fjelltoppen Ama Dablam (6170 m.o.h.) i Himalaya. Ein skummel bre sette ein stoppar for dét, men den fem veker lange turen til Nepal vart likevel eit minne for livet.

Knut Sollid på Ama Dablam

LUFTIG: Knut Sollid måtte avlyse turen til draumefjellet Ama Dablam, men fekk seg fine turar i Himalaya likevel.

Foto: Sigrud Felde

– Den opphavlege planen var å gå på fjellet Ama Dablam i Nepal. Men vi måtte gje oss på det til slutt på grunn av tilhøva i fjellet som var slik at det ikkje var tilrådeleg å gå der, seier Sollid.

Ama Dablam er det tredje mest populære fjellet å klatre i Himalaya, av fjella som er opne for ekspedisjonar. Fjellet blir av mange omtalt som verdas vakraste, og når du toppen, kan har du premieutsikt til både Mount Everest, Lhotse, Nuptse og ein heil haug av mange kjende fjelltoppar i Himalaya.

Breen gav etter og raste ut

Ama Dablam - Himalaya

MEKTIG: Ama Dablam er det tredje mest populære fjellet å klatre i Himalaya.

Foto: Sigurd Felde

Men medan reiselaget til Sollid dreiv med akklimatisering, for å tilpasse seg høgda, gjekk det eit mindre ras på ein bre på veg opp til fjellet, noko som skulle få dramatiske følgjer.

– Ein person omkom, og då vart det vanskeleg for oss å tore å ta den fjellturen. Det var sprekkar i breen, og ein trudde det ville føre til at den datt ned, seier Sollid.

Det skulle syne seg å vere ei rett avgjerd. Breen gav til slutt etter og raste ut. Hadde Sollid og turfølgjet halde seg til opphavleg plan, ville dei vore oppe på fjellet når dette skjedde.

– Då vi gjekk på ein annan fjelltur, på Lobuche, så raste breen ut frå Ama. Viss vi hadde halde vår opphavlege plan, ville vi ha vore i toppområdet då raset gjekk. Så vi var heldige som avlyste akkurat den toppturen, seier Sollid.

Vart litt skuffa med det same

Han innrømmer at det var litt surt å måtte sjå draumefjellet Ama Dablam i det fjerne, og å vere så nær, men likevel så langt ifrå.

– Klart vi var litt skuffa der og då. Men når vi i ettertid ser kva alternativ vi fekk, samt kor farleg fjellet faktisk var der, så kan ein ikkje vere skuffa. Ein skal ikkje utfordre fjella. Fjellet står der, og det kan opne seg moglegheiter seinare, seier Sollid.

Men etter fleire veker på tur, var det ikkje snakk om å returnere heim til Norge, heilt med det same. Når ein først er i Nepal, er det nok av stadar å gå.

– Reiseleiarane våre sette seg ned og var kreative. Vi fekk oss ein fin rundtur over eit par fjellpass. Det vart meir som ein lang trekkingstur. Men vi var på ein topp på 6.200 meter, samt at vi var over eit par pass som var på over 5.500 meter, så vi fekk sjå veldig mykje av Himalaya. Vi var vel nøgde, seier Sollid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Honmdøl i Himalaya

CAMP: Slik bur ein når ein er på tur i Himalaya.

Foto: Sigurd Felde

Var første tur til Himalaya

Guidane landa på ein topptur på Loboche East (6.119 m.o.h.) med etterfølgjande rundtur over Chhugyuna-passet (5.330 m.o.h.) og Gokyo-passet (5.360 m.o.h.).

Sollid kom heim torsdag kveld, etter fem veker på tur.

– Vi var over fire veker i fjellet. Siste veka var vi mellom anna på elefantsafari og fekk sjå litt meir av Nepal, seier Sollid.

Turfølgjet var på ni personar, inkludert reiseleiarane. I tillegg var det med sherpaer som bar utstyr og laga mat.

– Det er første gong eg har vore i Himalaya. Eg har vore på Kilimanjaro i Afrika, men det blir ikkje det same, seier Sollid.

Slapp unna høgdesjuke

Han legg ikkje skjul på at det var ein draum som vart verkeleg då han fekk høvet til å vitje Nepal.

– Det er eit utruleg land og utrulege fjelltoppar. Sjølv om du går på ein fjelltopp på 6.000 meter, så har du fjelltoppar som er fleire tusen meter høgare rundt deg. Vi hadde flott utsyn mot Mount Everest, og det var berre eventyrleg vakkert, seier Sollid.

Turfølgjet var svært heldige med vêret, og hadde sol og fint vêr heile turen.

– Men når sola gjekk ned, vart det fort kaldt. Det blei raskt ned mot ti-15 minus på kvelden og natta. I tillegg til den tynne lufta, blir det veldig spesielt, seier Sollid.

Han slapp unna både høgdesykje og andre plager ein kan bli utsett for når held seg i området så høgt oppe.

– Men du merkar jo den tynne lufta. Alt blir veldig tungt, og du må gå veldig seint. Men helsemessig gjekk det veldig bra. Eg hadde korkje høgdesykje eller hovudverk, seier Sollid.

Ei oppleving for livet

Himalaya Ama Dablam

GOD HJELP: Fint med litt berehjelp i høgda. Ama Dablam i bakgrunnen.

Foto: Sigurd Felde

På førehand var han godt budd på turen.

– Ein må jo halde seg litt i form. I tillegg hadde vi trent litt på klatring, både i Hurrungane og Romsdalen, samt innandørs i klatrehall, seier Sollid.

Å reise på fem vekers ekspedisjon til Himalaya har sin pris, men nøyaktig kor mykje, vil ikkje Sollid ut med.

– Det er klart det kostar. Men opplevinga er så stor at ein nesten ikkje kan rekne det i pengar. Det er ei oppleving som ein tek med seg resten av livet, seier Sollid.

Han er sjølvstendig næringsdrivande, og dermed let det seg greitt gjere å ta fem veker fri på seinhausten og vinteren.

– Eg hadde ikkje så mykje fri i sommar, og så har eg prøvd å jobbe inn litt. Eg kan elles jobbe litt lengre dagar, seier Sollid.

Tøft å vere vekk frå familien

Men han legg ikkje skjul på at det ikkje er berre-berre å vere vekk så lenge frå familien.

– Eg har fire born, to er på vidaregåande og to er i skulealder. Det merkast når ein er vekk så lenge. Men det har gått bra, seier Sollid.

Turfølgjet hadde avgrensa moglegheit til å ha kontakt med familien heime.

– Medan vi var lengst oppe i fjellet var det vanskeleg med mobiltelefon og e-post. Vi hadde satellitt-telefon for krisetilfelle. Men vi hadde tre veker der det nærast var umogleg med kontakt, seier Sollid.

– Tykte kona det var greitt at du reiste?

– Eg hadde iallfall løyve, ler Sollid.