Jostein Flo var på klatretur med folk som skulle til topps på Store Skagastølstind (2403 m.o.h), han var på bretur til Lodalskåpa (2083 m.o.h), og padla til Alden i havgapet utanfor Askvoll. På Voss fekk han prøve bratte elvar med dyktige padlarar, og på Finse segla han ved hjelp av vinden med polfararane Liv Arnesen og Ann Bancroft. Midtvinters var han vitne til heftig bølgesurfing på Stad og seinare på våren bratt skikøyring i høgfjellet i Vest-Jotunheimen.
Program 1- Bre og is
Bre- og istur til Lodalskåpa (2083 m.o.h), det høgaste punktet på Jostedalsbreen. Turen går frå Briksdalen, via Olden, Loen, Bødalssætra og til Lodalskåpa. Jostein Flo hadde med seg breførarane Frode Briksdal, Bjørn Lindvik, Gjert Grødal, Sjur Håvard Øygard og sist men ikkje minst Cecilie Skog (som sidan den gong har klatra Mount Everest, og forsøkt seg på K2). På andre sida av breen klatrar Stein Falsen Møller, Christian Ødegaard, Søren Wold og Sigurd Felde (som også var med på 2005-forsøket til verdas nest høgaste fjell K2) I dette programmet klatrar dei opp Bergsetbreen i Jostedalen.
Program 2 - Padling
Padling på kysten av Sogn og Fjordane og i elvane på Voss. Jostein er med når ei av dei brattaste elvane på Vestlandet blir utfordra av tre elvepadlarar. Turen går frå Askvoll via Alden til Gudvangen og elvane på Voss. Med på turen er Eivind Nordeide, Cato Carlsson, Lars Mjaavatn, Mats Rio, Frode Solbakk, Flemming Schmidt, Mike Abbott, Allan Ellard, Einar Raa Nilsen.
Program 3 - Topptur til Storen
Til topps på Store Skagastølstind (2403 m.o.h.), den tredje høgste fjelltoppen i Norge. Turen går frå Solvorn via Urnes og Turtagrø til storen. Med på turen er Robert Caspersen, Ole Drangfelt, Marie Drangfelt og Sigurd Felde.
Program 4 - Skisegling
Skisegling på Finse. Jostein Flo på treningstur med polfararane Liv Arnesen og Ann Bancroft. Turen går frå Sogndal via Undredal til Flåm, med Flåmsbana til Myrdal og NSB vidare til Finse. Med på turen er Arnesen, Bancroft, Sigurd Parmann, Arve Roås og Ronny Finsås.
Program 5 - Topptur på ski
Topptur på ski i Vest-Jotunheimen. Det beste området for bratt skikøring i Norge finn vi i Hurrungane, like ved Turtagrø. Dette er eit område med gode muligheter for å kjøre couloirer, eller bratte snørenner. Snørennene under Soleiebotntind blir opp mot 50 grader bratte. I tillegg reiser Jostein inn i Jotunheimen frå Tyin-sida, innover i Koldedalen. Med på turen er Arne Litlere, Hilde Løkken, Jørgen Aamot, Kåre Kristian Aaberge, Tarjei Nedrelo, Karina Hollekim, Tor Olav Naalsund og Robert Tangvold.
Program 6 - Surfing på Stad
Jostein Flo prøver bølgjene på Stad i 10 kuldegrader i januar. Turen går via Selje til Kjerringa (Vestkapp) og ned i Hoddevika og Ervik. Stad er norges mest vér-harde område, men vi besøkte Stad i vindstille forhold og gode bølgjer. Med seg på turen har Jostein bl.a. landets beste bølgesurfarar. Roar Berge, Tore Kramer, Tore Skjæveland, Zano Beck, Even Moland og Richard Bently frå Australia.