Hopp til innhold

Tilsette berga seg trygt ut då alarmen gjekk

FØRDE (NRK): Kjell Ove Nordeide var i ferd med å avslutte for kvelden då han og kollegene oppdaga brannen i avishuset Firda fredag kveld.

Det var opne flammar i eit teknisk rom på Firda fredag kveld. Brannvesenet fekk raskt kontroll.

BRANN I TEKNISK ROM: Dei tilsette kom seg raskt ut og brannen vart sløkt etter kort tid. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Vi heldt på å avslutte vakta, så gjekk brannalarmen, fortel vaktsjef i avisa Firda, Kjell Ove Nordeide, til NRK.

Kjell Ove Nordeide Firda

VAR PÅ JOBB: Vaktsjef i avisa Firda, Kjell Ove Nordeide, oppdaga brannen straks før han var ferdig på jobb.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Saman med kollegaen som også var på vakt, gjekk han rundt i bygget og sjekka då alarmen gjekk klokka 21.47.

– På tavla såg vi at det var teknisk rom i 3. etasje som hadde gjeve utslag på alarm. Vi gjekk opp dit og hadde brannmannskap på telefonen. Vi lukka opp ei dør og då kom det røyk. Då var det klart at vi berre måtte evakuere, seier Nordeide.

Synlege flammar

Både røyk og flammar var ei tid synlege for dei som kom til det store avishuset på Øyrane i Førde, men brannvesenet fekk til alt hell raskt kontroll over situasjonen.

– Brannen var ganske avgrensa til ventilasjonsrommet i bygget. Korleis det er med røykskader er for tidleg å seie.Det var fleire personar i bygget, og dei gjekk gjennom bygget for å sjå at det ikkje var fleire. Dei kom seg ut ganske greitt, seier politiet sin innsatsleiar, Gunnar Englund, til NRK.

Gunnar Englund brann firda

RASKT PÅ PLASS: Innsatsleiar Gunnar Englund.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Uvisst med konsekvensane

For Kjell Ove Nordeide og kollegene i avisa Firda var det betryggande å sjå at brannen trass alt ikkje spreidde seg ned til redaksjonslokala. Men heilt korleis det blir å jobbe der dei neste dagane, er framleis uvisst.

– Reint praktisk så løyser vi det med reportarar som er utanfor bygget. Men vi er no avskorne frå å drive vanleg nyheitsformidling frå redaksjonslokala våre, seier Nordeide.

Fekk raskt kontroll

Klokka 22.10 melde Firda sjølv at brannfolka hadde kome seg inn i bygget og teke kontroll over situasjonen.

– Folk frå brannvesenet har gått inn i bygningen, og har meldt at det var brann i eit rom i 3. etasje, seier Føleide til den brannråka avisa.

Brann, politi og helse kom raskt fram til avishuset Firda i Førde.

Til si eiga avis seier redaktør Yngve Årdal at konsekvensane av brannen blir minst mogleg synlege for lesarane.

Papiravisa til laurdag var ferdigtrykt og skal vere i postkassene som vanleg hos abonnentane. Når det gjeld nettavisa, så vil den også venteleg fungere som normalt. Det er slik det ser ut akkurat no, seier Årdal og viser til at elektrikarar snart skal vere på plassen for å reparere etter skadene i brannen.

Brannutrykning Firda-bygget

FULL UTRYKNING: Ein automatisk brannalarm sørga for at naudetatane kom raskt på plass til Firda sine lokale i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK