Hopp til innhold

Opnar vegen kvar heile time

Riksveg 5 blir opna kvar heile klokketime for trafikk. Om vegen blir stengd etter mørkets frambrot er førebels uvisst.

Ras riksveg 5

VENTAR: Køane har vore lange på riksveg 5 i Flora. Snart får dei første bilistane køyre forbi rasstaden ved Leversundet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vegen mellom Førde og Florø har vorestengd sidan 21-tida tysdag på grunn av steinras.

Under synfaring har det dukka opp fleire steinblokker, som har gjort at både rydding og opning er blitt utsett. Klokka 16 vil dei første bilane få sleppe forbi rasstaden.

Ras riksveg 5

STENGD: Vegen mellom Førde og Florø har vore stengd sidan tysdag kveld.

Foto: Kristian Kjesbu

– Det er ein god del masse att i fjellsida der raset gjekk, men det er bestemt å opne vegen for trafikk kvar heile time til det blir mørkt i kveld, seier Roger Nedberge Hille.

Vegen blir opna kvar heile klokketime fram til klokka 19, kanskje klokka 20.

– Dei må framleis reinske utover kvelden til det blir mørkt, så vil det bli gjort ny vurdering av kva som blir status i kveld, seier Hille.