Hopp til innhold

Opnar veg som legg ned fødeavdeling

I dag opna Liv Signe Navarsete vegstrekninga som gjer at fødeavdelinga på Nordfjordeid blir lagt ned. – Dei veit ikkje kva dei snakkar om, fresar gravide nordfjordkvinner mot Regjeringa.

Anne Lise Hildenes og Siri Endal

Anne Lise Hildenes og Siri Endal må reise til Volda for å føde.

Foto: Håvard Grønli / NRK

For då Regjeringa og dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kunngjorde at fødeavdelinga på Nordfjordeid var dødsdømt i fjor, sa dei samtidig at den skulle få vere open til den nye Kvivsvegen opnar.

– For store delar av folket som høyrer til fødeavdelinga på Nordfjordeid, vil det bli mykje kortare veg til Volda når Kvivsvegen opnar. Difor gjer vi ikkje omlegginga før vegen opnar, sa Strøm-Erichsen.

Ser ikkje samanhengen

No er dagen her. Vegen blir opna til korsong og jubelrop frå næringslivet i Nordfjord og på Sunnmøre.

Men bakom murrar dei gravide kvinnene. For festdagen markerer også nedlegginga av fødetilbodet. 1. oktober er det heilt slutt, og nordfjordkvinner som skal føde må reise enten sørover til Førde eller nordover til Volda.

Linda Grotle Hauge

Linda Grotle Hauge er avdelingsjordmor på fødeavdelings på Nordfjordeid.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Det der er forunderleg, seier avdelingsjordmor Linda Grotle Hauge på fødeavdelinga på Nordfjordeid når NRK spør om samanhengen mellom vegen og fødeavdelinga. Ho kikar på tal og adresser i fødselsprotokollen.

– Vi klarer ikkje å sjå samanhengen. Vi gler oss over den nye vegen, men korleis den kunne bli knyta opp mot nedlegging av vår fødeavdeling har vi aldri forstått. For sanninga er jo at det berre er 10–12 av dei 300 kvinnene som føder i Nordfjord årleg som får kortare veg til Volda med den nye vegen, seier Linda Grotle Hauge.

Protokollen hennar viser også noko anna påfallande. Nemleg at fødselstala gjekk drastisk ned frå nyttår – ni månader etter at Regjeringa kunngjorde nedlegginga.

Vil føde i Nordfjord

Dei gravide kvinnene Siri Endal og Anne Lise Hildenes trur nedgangen i fødetalet kan skuldast at mange venta med å bli gravide når sjokkbeskjeden om nedlegginga kom.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete opnar vegen som gjer at fødeavdelings i Nordfjordeid blir lagt ned.

Foto: Håvard Grønli / NRK

NRK tok med dei to kvinnene og sjukehusaktivist Janne Endal Andersson på biltur frå Nordfjordeid innover mot den nye Kvivsvegen. Siri og Anne Lise har termin rett etter 1. oktober, og skal då etter planen til Volda. Men helst vil dei gjerne føde på Nordfjordeid og sleppe den lange vegen.

– 28. september synest eg er ein god dato, seier Siri.

– Det hadde eg også tenkt meg, då møtest vi på sjukehuset på Eid, ler Anne Lise. Ho blir snart firebarnsmor. Då ho fekk nummer tre tok fødselen 15 minutt. Ho er ikkje lysten på lang biltur med rier.

– Alle kjenner at det er urettferdig når ein mistar noko ein har som fungerer, det er jo ein logisk brest i det heile, seier Endal.

– Denne vegen blir uansett lang når ein har rier. Vegen verkar sikkert ti gonger så lang når ein skal føde, seier Endal som snart skal ha barn for første gong.

Bismak

I baksetet fresar sjukehusaktivist Janne, som snart skal bli tante til Siris barn.

Ho vart landskjend då ho vart skjelt ut for ope kamera av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men ho har ikkje gitt seg, og er framleis rasande over at fødetilbodet blir nedlagt. Og endå meir oppgitt over argumentasjonen som blir ført.

Les også: Vart utskjelt av Navarsete. - Dette kan eg tole, eg ser det som ein siger

Les også: Navarsete beklagar utbrotet

– At dei klarer å rote inn denne vegen i argumentasjonen er heilt vanvitig. Det heng ikkje på greip! Det er kjekt med ein veg, men det er ikkje eit argument for å legge ned verken fødetilbod eller andre funksjonar ved det sjukehuset.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid kommune.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Lokalpolitisk har dei iallfall støtte frå makthavarane. Ordføraren i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V) har også delte kjensler denne helga.

– Det er ein bismak. Vegopninga i seg sjølv er gledeleg, men det er kolossalt provoserande at opninga av ein veg vart brukt som argument for nedlegging når vegen ikkje ein gong gir kortare veg for så mange.

Klarer å gle seg over vegen

Navarsete meinte det var urimeleg at ho fekk ei skyljebøtte for Regjeringa sin sjukehuspolitikk all den tid ho hadde kjempa for fødetilbodet i Nordfjord.

– Kva føler du i dag når du opnar vegen som legg ned fødetilbodet?

– Eg trur det er viktig å skilje katt og kaninar. Det var sterke krefter som ønskte å få vekk fødeavdelinga på Nordfjordeid uavhengig av vegen. Eg trur vi skal vere glade på vegner av alle i Nordfjord for den nye vegen. Det blir iallfall kortare veg til eit sjukeshusalternativ for mange. Denne helga skal vi gle oss over ei nyskaping i denne regionen som gir nye moglegheiter for folk og næringsliv.

Skulle berre mangle

Jon Aasen

Jon Aasen (Ap) er fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Navarsete seier ho har ei viss forståing for at Regjeringa brukte den nye vegen som argument. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal går lenger.

– Ein kan ikkje vere for vegen men mot effekten. Det går ikkje, seier han til NRK. Han meiner politikarane er forplikta til å gjere endringar når dei brukar milliardar på vegprosjekt.

– Det er sjølvsagt at når vi brukar milliardar på vegprosjekt, så byggjer vi ikkje veg for å byggje veg, men for å skape ein enklare kvardag for folk. Vi må jo akseptere at tilbodet forandrar seg. Ein må jo tenke fornuftig.

Full opning

NRK og dei høggravide brukte litt over halvtimen frå Nordfjordeid og inn til Kvivstunnelen som går gjennom fjellet mot Volda. Då var vi om lag halvvegs til sjukehuset i Volda.

Blir det fødsel på nattetid, køyrer dei kanskje denne vegen gjennom den nye tunnelen. På dagtid er det nok like greitt å basere seg på gamlevegen og ei ferje.

– I dag klipper Liv Signe snora i tunnelen. Vi får håpe at ikkje den neste snora som blir klipt i denne tunnelen er ei navlesnor, seier Janne Endal Andersson.