Hopp til innhold

Opnar opp for at gamalosten kan bli ein eksportartikkel

No vil Tine finne ut kva tyskarane tykkjer om gamalosten. I januar vil kundane på KaDeWe få sjansen til å smake den tradisjonsrike osten frå Vik. Og viss dei likar den, kan gamalosten fort bli eksportvare.

Tusenvis av gamalost

OSTEN SKAL FRAM: Meieristyrar ved Vik meieri, Per Henning Liljedahl, meiner gamalosten eignar seg godt til eksport.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Vi ønskjer å satse på norske meierispesialitetar, og då også gamalost. Vi vil ta med gamalosten til Grüne Woche i Berlin, den store forbrukarmessa i januar, seier eksportdirektør i Tine, Unni Sjøflot.

Grüne Woche er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv med nær 400.000 besøkande og 1.600 utstillarar frå 60 land.

– Der ønskjer vi å få respons frå tyske forbrukarar på smak og kvalitet, seier Sjøflot.

Gjer ein ny offensiv

Gamalosten har også tidlegare vore med på Grüne Woche, men no satsar Tine meir enn dei har gjort tidlegare.

Det kan dermed vere første steg på vegen til å gjere gamalosten frå Vik til ein eksportartikkel.

– Vi syner fram gamalosten som ein spesialitet til kundane våre, så dei aller fleste Jarlsberg-distributørar rundt om i verda, kjenner gamalosten godt, seier Sjøflot.

Men no vil dei også la forbrukaren ta del i dette.

– Vi har ikkje gjort noko spesielt mot forbrukarar, men i januar vil vi gjere ein ny offensiv i Tyskland, seier Sjøflot.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gamalost frå Vik

PRISDRYSS: Gamalosten frå Vik har fått mange prisar i løpet av åra. Seinast no i haust då han fekk ærespris og gull ved meieriutstillinga International food contest i Danmark.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Får innpass på KaDeWe

Men det er ikkje berre på messeområdet gamalosten skal testast på dei besøkande. På KaDeWe (Kaufhaus des Westens), Europas nest største varehus, vert gamalosten lagt ut til smaking.

– Vi vil gjerne syne den fram for dei som handlar på KaDeWe, det store handelssenteret midt i Berlin sentrum, seier Sjøflot.

Alt etter kva mottaking gamalosten får, kan osten frå Vik snart vere med i ei etablert rute ut i Europa.

– Absolutt. Då må vi ta steget vidare, det er heilt klart, seier Sjøflot.

I Norge sel gamalosten godt, og produksjonen ligg på om lag 90 tonn årleg.

Må sjå på det internasjonale potensialet

Det har vore gjort mykje forsking på gamalosten.

Mellom anna har pakistanaren Tahir Mahmood Qureshi avlagt doktorgrad om gamalosten og den helsefremjande verknaden som osten har for kroppen.

Forskaren kom fram til at osten mellom anna inneheld såkalla peptider som er blodtrykkssenkande, og effekten av desse aukar på veg gjennom fordøyingssystemet vårt.

I tillegg inneheld osten store mengder vitamin K2, som er bra for beinbygning og hjarte, og som er påvist å vere krefthemmande. Osten er også proppfull av protein.

– Det er viktig for oss å ha dei norske meierispesialitetane også til forbrukarar internasjonalt. Vi må sjå kva potensial vi har på dei internasjonale marknadane, seier Sjøflot.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vik meieri

EINASTE: Gamalosten vert berre laga éin stad i Norge, ved Vik meieri i Vik i Sogn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vert frosen ned etter ti dagar

Meieristyrar Per Henning Liljedahl ved Vik meieri seier alt ligg til rette for at gamalosten kan eksporterast.

Osten vert frosen ned etter ti dagar, når han er saltmoden. Det er for å stoppe modningsprosessen.

– Den prosessen tek til att når osten vert tint. Då modnar han seg til den grad du sjølv likar. Nokon vil ha han moden, medan andre vil ha han litt ferskare, seier Liljedahl.

Han kjenner ikkje til konkrete eksportplanar, men peikar på at gamalosten er med ut i Europa på ymse messer.

Fekk ærespris og gull

Seinast i haust fekk gamalosten æresutmerking og gull ved meieriutstillinga International food contest i Herning i Danmark.

– Gamalosten har også tidlegare vore med på Grüne Woche, og det kjem att folk der som spør etter osten, så osten er absolutt populær i utlandet, sjølv om han førebels ikkje vert eksportert, seier Liljedahl.

I 2013 vart det selt litt over 90 tonn gamalost, og Liljedahl trur ei vil nærme seg det også i år.

– Vi har framleis gode salstal. Vi klarar nok ikkje å matche fjoråret, då vi hadde eit veldig oppsving. Men vi er ikkje langt etter, seier Liljedahl.