Hopp til innhold

Vegopning med historisk sus

I dag feira Statens vegvesen at elleve kilometer ny veg over Filefjell er teken i bruk. Draumen om eit vintersikkert samband mellom aust og vest er dermed eitt steg nærare.

For reisande over Filefjellet har oppstigninga frå Lærdal lenge vore ein flaskehals. Om vintrane har fastkøyrde vogntog som sperrar trafikken vore eit vanleg syn. Med den nye vegen er det problemet no historie.

– Enno betre blir det når vi blir ferdige med heile Filefjellet. Då håpar vi ikkje skal ha stenging på grunn av dårleg vêr i det heile tatt, seier Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Heile vegen klar i 2017

Strekninga Smedalsosen-Borlaug utgjer elleve av i alt førti kilometer over Filefjell som etter planen skal stå klar i ny stamvegdrakt i løpet av 2017. Den totale kostnaden vil liggje på rundt tre milliardar kroner.

Vegstrekninga som vart markert i dag har kosta om lag 800 millionar kroner og omfattar mellom anna ein ny tunnel, fleire nye bruer, brøytestasjon, kjettingplass og kolonnefelt ved Borlaugskrysset. Store delar av vegstrekninga, inkludert Borlaugstunnelen, vart opna for trafikk allereie i juli.

Det endelege målet er at ein skal kunne halde vegen over fjellet open uansett vêr.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, meiner at vegstrekninga ikkje berre er viktig for sambandet mellom aust og vest.

– For oss som bur her, så handlar det i tillegg om å komme seg lettare til fjells og det handlar om å få trafikken bort frå der folk bur. For trafikken den er stor. Så dette er godt for alle, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaos på Filefjell

KAOS: Fastkøyrde vogntog har ofte skapt kaos på Filefjell. Det problemet skal det no vere ein slutt på.

Foto: NRK-tipsar

Historisk knutepunkt

Lærdal og fjellområda rundt har i fleire hundre år vore knutepunkt mellom austlandet og vestlandet. Nye og gamle vegar snor seg om kvarandre gjennom dalen.

Som ein del av E16-prosjektet vart det òg sett av pengar til å restaurere dei historiske ferdselsvegane: Kongevegen frå 1790-åra og den Bergenske Hovedvei frå 1850.

Kåre Hovland, delvis pensjonist og delvis kulturvernkonsulent i Lærdal kommune, meiner samarbeidet med vegbyggarane har vore heilt avgjerande.

– Det er veldig viktig at me har dei på lag, elles kunne dei fort ha kome til å øydelegge verdifulle vegminne, seier han.

No gler han seg over ny E16 og eit nytt blad i veghistoria til Lærdal.

– Sambandet mellom øst og vest har historiske tradisjonar som går heilt tilbake til Harald Hårfagre. Då rei dei over Filefjellet. Det har vore ein samanhengande utvikling fram til det me ser her i dag, seier han.

– Samferdsle viktig for utviklinga

Til saman fire gamle bruer blitt sett i stand den korte vegen frå Honingane og opp til Maristova.

Tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete fekk æra av å opne to av dei. Ho meiner historia syner kor mykje samferdsle betyr for utviklinga i eit samfunn.

– Når denne vegen kom, som først var Kongevegen og seinare vart hovudvegen mellom Bergen og Oslo, så var det eit kjempeframsteg å gå frå ein rideveg til å få ein kjerreveg. I dag har vi opna ein veg som tek utviklinga inn i enno ei ny tid, seier Navarsete.