Hopp til innhold

19 av 30 passasjerar framleis evakuerte - måtte skaffe sokkar og tørre klede

Raggsokkane fekk bokstavleg talt bein å gå på då ekteparet Kari og Ola Berge fekk uventa mange gjester i hus natt til laurdag. 30 våte og skitne evakuerte busspassasjerar hadde ingen plass å gå då dei vart innesperra mellom to ras ved Hjelle i Oppstryn på riksveg 15.

Våte passasjerar med ekspressbussen

VÅTE OG KALDE: Dei evakuerte busspassajerane var våte, kalde og skitne ettter at bussen køyrde inn i eit ras på riksveg 15 ved Hjelle i Oppstryn. Etter at dei var evakuerte gjekk eit nytt ras og passasjerane var med eitt innesperra mellom to ras.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har igrunn leita etter nok tørre sokkar til alle passasjerane, seier Kari Berge etter at ho opna huset sitt til 30 evakuerte passasjerar med ekspressbussen natt til laurdag.

Det var rundt midnatt at ekteparet Kari og Ola Berge høyrde det rasa og buldra i fjellsida to tre gongar seint fredag kveld.

Laurdag morgon er framleis 19 av dei 30 passasjerane innlosjerte hjå ekteparet. Dei elleve andre vart evakuerte av Røde Kors med båt.

Stim av folk

– Rundt midnatt høyrde vi det første raset. Vi gjekk ut på trappa og høyrde at det hadde ikkje retning mot oss. Vi fekk litt høg puls men var likevel ikkje redde for å opphalde oss der vi var, seier Kari Berge.

Dei stod i vindauget og såg ut då dei fekk auge på ein stim av folk som kom gåande med lykter langs vegen.

Lite visste dei at 30 passasjerar med ekspressbussen på veg til Oslo hadde brasa inn ei eit jordras nokre hundre meter lenger framme. Men etter at dei vart evakuerte ut av bussen kom eit nytt ras bak dei og då var dei brått innesperra.

Sokkar og tørre klede

– Dei stod i busskuret og dei var våte og kalde, så vi sa naturlegvis at dei måtte komme inn her.

– Vi har igrunn prøvd å finne nok tørre sokkar til alle mann og litt klede dei som var våtast kunne byte til. Så har vi kokt masse kaffi, ler den muntre dama trass i at klokka er tre midt på natta og støynivået i bakgrunnen vitnar om god stemning i huset.

– Vi må berre gjere det beste ut av det. Folk er veldig takksame og positive, så stemningen er god.

Men det blir lite soving denne natta, både for passasjerane og verstkapet.

Lite søvn på alle

– Ein familie med barn fekk eit rom her. Så får vi sjå an korleis behovet for å sove blir utover natta. Vi har no tre ungar som ikkje er heime i natt så vi har no litt sengeplass dersom det skulle vere behov for det.

Førebels er ho ikkje ura for om ho skal få nok mat til dei evakuerte.

– Så langt har vi berre venta på ei avklaring, men dersom det skulle bli behov for mat skal vi vel finne ei løysing. Vi har då brød i frysaren.

Ras i Oppstryn

EVAKUERTE EKSPRESSBUSS: 30 passasjerar med ekspressbussen vart evakuerte då bussen brasa inn ei eit jordras på riksveg 15 ved Hjelle i Oppstryn.

Foto: Roger Vik / NRK