Hopp til innhold

Ønskjer seg til Sogndal

Spissen Isaac Loute som er på prøvespel i Sogndal, ønskjer å skrive kontrakt med klubben.

Isaac Loute

KLER SEG I KVITT OG SVART? Isaac Loute kan bli Sogndal-spelar før overgangsvindauget stengjer.

19-åringen frå afrikanske Benin hadde si første trening med eliteserielaget tysdag.

– Det gjer meg glad

Overfor Sogn Avis er Loute klar på at han gjerne vil til Sogndal.

– Viss Sogndal vil ha meg spelar eg gjerne her. Eg har berre vore her nokre dagar, men har alt fått eit godt inntrykk, då nivået er godt og alle spelarane er veldig hyggelege. Det gjer meg glad, og når eg er glad spelar eg god fotball, seier han til avisa.

Rosar talentet

Sportssjef Trond Fylling, som tidlegare har hatt suksess med å hente afrikanske talent frå Elfenbeinskysten, har på førehand vore full av lovord om 19-åringen.

Trond Fylling

TALENTSPEIDAR: Sportssjef Trond Fylling har tidlegare hatt suksess med afrikanske spelarar som Raoul Kouakou, Elvis og Barry Kader.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han er rask, lettbeint, god teknisk og sterk i kroppen, sa Fylling før Loute kom til Sogndal.

Spelar landskamp til helga

Spissen skal vere i søkjelyset til fleire klubbar og forlet ifølgje Sogn Avis Sogndal onsdag for å spele landskamp mot Gahna i kvalifiseringa til Afrikameisterskapen.

Fylling vedgår overfor avisa at det kortvarige opphaldet i Sogn ikkje er optimalt, men seier dei vil sjå Loute i aksjon for landslaget. Loute er dessuten venta tilbake i Sogndal allereie kommande søndag eller måndag.

Har åtte dagar på seg

Om det blir kontrakt er derimot uvisst.

– Vi stressar ikkje med ei avgjersle, då vi vil vere heilt sikre før vi hentar ein ny spelar til klubben, seier Fylling som trur ein utan problem skal kunne få til ein eventuel avtale med både spelaren og hans noverande beninske klubb.

Det internasjonale overgangsvindauget stengjer 31. mars.