Hopp til innhold

Ønskjer seg målscoring og siger

Men bursdagsguten tek ingenting for gitt.

Gustav Valsvik

FEIRAR PÅ BANA: Frå før av i denne sesongen har Gustav Valsvik scora eit mål. Høgst på ønskjelista i høve 20-årsdagen hans står ei ny scoring samt tre nye poeng.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Klokka 18:00 sparkar Sogndal i gang kampen mot Start på Fosshaugane. Innbyrdes statistikk mellom dei to laga syner at Start er hakket betre, men tabellen så langt i sesongen syner noko anna.

Den siste månaden har Sogndal imponert. Førre helg slo dei Haugesund 3–1 på bortebane. Start har derimot hatt ein dårleg periode, men det treng absolutt ikkje vere ein fordel for heimelaget, meiner Gustav Valsvik.

– Det vert ein tøff kamp. Vi har hatt ei god form no og fått mange gode poeng, blant anna mot Haugesund på bortebane. Start har hatt ein dårleg periode med tap heime mot Strømsgodset. Dei er nok revansjesugne, så det vert nok ein tøff kamp. Vi må stå på, seier han.

Har bursdagsønsket klart

For Sogndal sin del har den siste perioden gitt sjølvtillit, men det er viktig å ikkje berre tenkje på poenga, meiner Valsvik.

– Vi må framleis gjere jobben, og så får vi sjå kor mange poeng det vert til slutt, seier bursdagsguten som i dag fyller 20 år.

Og han veit godt kva som hadde vore ei passande bursdagsgåve.

– Tre poeng og ei scoring hadde gjort seg, ler han.

At Arne Scheie og fleire andre fotballekspertar har fått fornya tilliten til Sogndal, og rosar dei for eit betre offensivt spel synest Valsvik det er kjekt å høyre.

– Det gir jo litt sjølvtillit og positiv giv inn i gruppa, men det er slike ting vi ikkje kan tenkje på no. Det er ein lang sesong, og det er fort gjort at vi plutseleg tapar mange kampar på rad til hausten.

– Andre lag fryktar oss

Trass i at spelarane framleis har god bakkekontakt er det ikkje til å leggje skjul på at kritikken dei tidlegare har fått om at dei ikkje scorar mål, no har dempa seg. Fleire av spelarane har verkeleg opna målkontoen, blant dei Malick Mane. Det har sin verknad på dei andre laga, meiner Valsvik.

– Andre lag er redde for oss når vi får dødballar, og vi får frispark langt oppe på deira banehalvdel. Dei veit at vi er gode på dødballar, og vi scorar mål, så det gir sjølvsagt laget fordelar mot andre lag, seier han.

– Det var ein periode vi sleit med å få ballen i mål, men når det no losna ser det bra ut.