Hopp til innhold

Ønskjer Naustdal velkommen til eit større felles barnevern

Barnevernet i Førde og Gaular ønskjer Naustdal velkomen inn i eit større felles barnevern.

Ove Mjåtveit

Leiar i Førde og Gaular barnevern ønskjer Naustdal velkomen inn i eit større felles barnevern.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det seier Ove Mjåtveit som er leiar i Førde og Gaular barnevern.

– Det er nytt for meg at barnevernet i Naustdal vurderer å gå saman med andre, men vi ønskjer dei velkomen. Vi jobbar no i ei barnevernsteneste i eit område med om lag 15.000 innbyggjarar. Vi opplever det som positivt at vi har ein viss storleik på etaten vår, seier han.

Mjåtveit legg til at det er ein omstendeleg prosess å få til ei eventuell samanslåing av barnevernstenestene, og at ein skal ha respekt for dei prosessar som ein då startar.

– Mellom anna skal dei tilsette få uttale seg, seier han.

Det var i går at rådmannen i Naustdal fortalde om at dei vurderer om barnevernet i kommunen skal inn i eit samarbeid med nabokommunane.

Fleire fordelar

Mjåtveit meiner det er fleire fordelar ved å ha eit stort barnevern.

– Det gjer det mogleg å dele inn etaten i ulike kompetansegrupper. Dette er viktig fordi arbeidet er komplekst og samansett, og krev ferdigheiter på mange plan.

Mellom anna har dei eigne folk som tek imot meldingar og undersøkjer desse. Andre følgjer opp tiltak og fosterheimar.

– Den tredje gruppa har spesialisert seg på å jobbe med endringsarbeid. Her er det tale om å gå inn med terapeutiske tiltak i heimane for å få mor og far til å bli best mogeleg foreldre for ungane sine, seier han.

Omstridd sak

Mjåtveit vil ikkje uttale seg om den svært så omstridde barnevernssaka i Naustdal. I november i fjor vart fem born, der den yngste er baby og den eldste 11 år, flytta over i ulike fosterheimar. Vedtaket vart stadfesta av fylkesnemnda for barnevernssaker.

Foreldra er mistenke for oppdragarvald og saka er framleis under etterforsking. Foreldra har fått babyen sin tilbake, men dei fire andre borna bur framleis i fosterheim. Barnevernet sin handlemåte har ført til omfattande protestaksjonar både nasjonalt og internasjonalt.