Hopp til innhold

Onsdag klarte ho nesten ikkje å gå - i dag tok ho sitt andre NM-gull

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster er mest kjent som motbakkedronning. Men i dag knuste ho all motstand og tok NM-gull i terrengløp kort løype. Med tidenes dårlegaste opplading.

Eli Anne Dvergsdal

NØGD: - Det er ekstra stas å ta NM-gull på ein distanse som eg normalt sett ikkje driv med, seier Eli Anne Dvergsdal.

Foto: Lars Røttingen

– For halvanna veke sidan fekk eg veldig vondt i akillesen og eg klarte nesten ikkje springe. Onsdag sprang eg stafett, og etter det klarte eg knapt å gå, seier Dvergsdal, som spring for Gular.

Dermed var gode råd dyre. Ho frykta at ho hadde fått ei rift i akillesen, noko som ville sett ein effektiv stoppar for meir springing på ei stund. Avreise til NM i Stavanger var sett til fredag, og tida var knapp for å få det undersøkt.

– Men ein sporty idrettslege stilte opp klokka 07 på morgonen og tok ultralyd. Den synte at eg berre har ein betennelse. Dermed kunne eg stille opp i dag, seier Dvergsdal.

Er distansar ho normalt ikkje spring

For eit par veker sidan tok ho NM-gull på 3.000 m innandørs. Dagens distanse, ei to kilometer lang løype på ei golfbane i Stavanger, var ho spent på.

– Det er jo veldig kort samanlikna med kva eg normalt sett spring. Men eg klemde til og sprang så godt eg kunne, seier Dvergsdal, som er svært nøgd med to NM-gull på eit par veker.

– Det er ekstra artig sidan dette er distansar eg normalt sett ikkje driv med, seier Dvergsdal.

Også før har ho gjort det skarpt, trass i skademareritt på førehand. I juli i fjor tok ho NM-søl i motbakkeløpet Skuggenatten Opp, åtte veker etter at ho braut foten.

Ser fram til sesongstarten

For det er motbakkar ho framleis satsar på, og no er sesongen straks i gang.

Berre ho får orden på akillesen.

– Nett no er det ikkje godt, men eg har ein god fysioterapeut, så dette skal vi få orden på. Dei som ser med bakfrå, ser at den eine akillesen er dobbelt så stor som den andre. Men dette ordnar seg, seier Dvergsdal, som ser fram til at norgescupen i motbakkeløp startar.

– Eg gler meg veldig til det startar. Trass i skaden, er eg i god form. Det blir spennande å sjå korleis sesongen vert, seier Dvergsdal.