E16 er stengd ved Kvitt mellom Aurland og Flåm på grunn av ei trafikkulykke. Eit vogntog har køyrt av vegen og gjennom autovernet. Det seier operasjonsleiar Espen Gulliksen hos politiet.
– Vi har fått stadfesta at det var ein person i køyretøyet og at personen er omkomen.
Politiet har ingen opplysningar om at andre personar skal vere involverte i ulukka.
Førebels kan ikkje politiet seie noko om forholda rundt ulukka. Det kommunale kriseteamet er varsla og det vert jobba med å få varsla pårørande, opplyser politiet.
– Det er for tidleg å seie noko om. Vi held på med undersøkingar på staden, seier Gulliksen.
NRK sin reporter på staden opplyser at det blir jobba med å få frakta den omkomne vekk frå ulukkesstaden. Det er lange køar på ulukkesstaden.