– Vegen til Rimstigen er veldig populær og er mykje brukt. Vegen vart restaurert for nokre år sidan, og det er panoramautsikt heile vegen opp. Fleire tusen går der kvart år, fortel Distad.
Ein tysk turist i 20-åra omkom i ettermiddag etter å ha falle i Tufteelva i Gudvangen, ei elv som ligg i tilknyting til eit populært turområde.
- LES OGSÅ:
Stien går på venstre side av elva, stort sett eit stykke frå sjølve elvekanten.
– Det er bratt opp til om lag 760 meter, der det flatar meir ut og dalen byrjar å gå innover. På toppen ligg det ein foss, og elva føl fjellsida nedover, no er det lite vatn i elva, fortel ordføraren.
Han er ikkje kjend med at det har vore andre ulukker i området.
Får hjelp av kriseteam i kommunen
Etter ulukka blir kvinna som gjekk på tur saman med mannen teken hand om av helsepersonell.
– Kvinna fekk tidleg møte vakthavande lege og anna helsepersonell, og blir teke hand om av sorg- og kriseteam i kommunen. Ho får den hjelpa ho har behov for, fortel ordførar i Aurland, Noralv Distad.
Det var vanskeleg å få frakta mannen ut av området, då det var mykje vind og i tillegg ulendt terreng.
Det skal berre ha vore det tyske paret som var på tur saman då ulukka hende.
- Vi har sett i gang varsling til mannen sin familie gjennom den tyske ambassaden, opplyser Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.