Ulukke i Naustdalstunnelen. - Foto: Cosmin Cosma / NRK
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Omkom i frontkollisjon

Ein 35 år gammal mann frå Vassenden omkom då bilen han køyrde frontkolliderte med ein annan bil i Naustdalstunnelen på riksveg 5 klokka 12.30 onsdag.

 

Kollisjonen skjedde inne i Naustdalstunnelen - Foto: Cosmin Cosma / NRK
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Føraren av den andre bilen fekk moderate skader. Begge vart sende med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Den eine personen måtte skjerast laust frå bilvraket. Det var ikkje andre passasjerar i bilane.

Dei to bilane kolliderte front mot front om lag fem hundre meter inne i Naustdalstunnelen, frå vestsida, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane Politidistrikt. 

Den seks kilometer lange tunnelen mellom Førde og Florø var stengd lenge etter ulukka, og det oppstod lange køar. Tunnelen vart opna for trafikk igjen klokka 15.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.