Hopp til innhold

Mann omkom under skogsarbeid - hadde berre ei veke att av arbeidet

Ein mann er stadfesta omkomen etter ei arbeidsulykke i samband med felling av tre.

Mann omkom under skogsarbeid

OMKOM_ Ein mann i 30-åra omkom etter ei arbeidsulykke i denne skogen på Yndestad i Gaular.

– Det er aldeles forferdeleg. Så tragisk som det berre kan bli, seier Karsten Yndestad som eig skogen.

Ambulanse, Sea King og politi rykka ut etter melding om ei arbeidsulykke i samband med skogsarbeidet på Yndestad i Gaular.

Første meldinga politiet fekk klokka 11 gjekk på at ein mann var skadd etter ulykka. Klokka 13.08 stadfestar politiet at mannen er omkommen.

Hadde ei veke att

NRK.no har vore i kontakt med skogsentreprenøren som stadfestar at han hadde tre personar i arbeid i området der ulykka skjedde.

Skogeigaren fortel arbeidarane har vore der sidan slutten av desember i fjor og hadde berre ei veke att med arbeid før dei var ferdige.

– I samband med arbeid i skog så er det ein person, ein mann i 30-åra av utanlandsk opphav som er omkomen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet veit ikkje årsaka til ulykka, men at det skal ha skjedd i samband med at han felte eit tre.

Livet stod ikkje til å berge

Både Sea King og luftambulanse var på staden og prøvde med livbergande tiltak, men livet til mannen var ikkje til å redde.

– Personen er tilsett i eit firma i Sunnfjord og er heimehøyrande i utlandet, seier Holme.

Informasjonen politiet har til no tyder på at han var åleine då ulykka skjedde, men hadde arbeidskollegaer i nærområdet. Det var ein arbeidskollega som kom først på staden.

Saka vert vidare etterforska av Gaular lensmannskontor.