Ølmonopolet i Førde er det siste kommunale ølpolet i landet.
- Kva meiner du? Ta debatten nedst i saka og stem i meiningsmålinga.
– Til irritasjon
– Me har aldri vore so nærme 50/50 i ei avgjerd om ølpolet, sjølv om me heile tida har meint at det bør avviklast, seier Bjørn Nordberg (H).
Det som er annleis no er at det no er Høgre som sit med makta kommunen.
(Artikkelen held fram under biletet)
VIL HA OG VIL IKKJE: Bjørn Nordberg, H (t.v.) og Einar Solheim, Ap.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
– Det er veldig spesielt at det berre er tre kommunar som har ølpol – der Førde er det siste kommunale – og det argumentet sysn eg veg tungt for å avskaffa det.
-
FØLG BYSTYRETMØTET HER
– Er det berre fordi at det er sært at det skal kuttast ut?
– Ja, eg trur ikkje det blir ein turistattraksjon, dette her. Det er meir til irritasjon for turistane som ikkje får kjøpt øl når dei er og handlar, seier Nordberg.
Ap vil behalda polet
– Om me held nede talet på utsalsplassar for alkohol, so vil det bli seld mindre og det blir mindre forbruk, seier Einar Solheim (Ap).
Han seier at i eit samfunn der alkoholforbruket har gått opp dei siste 10–20 åra, er det ikkje eit godt argument at andre kommunar har butikksal.
– Me meiner at det er me som har rett. Forskinga er eintydig på at auka tilgjenge gir auka forbruk, seier Solheim.
(Artikkelen held fram under biletet)
TETT AVSTEMMING: Det blir jamt når bystyret i Førde skal bestemma om ølpolet sin lagnad.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Førde er perfekt for eit ølpol
Han meiner at eit ølmonopol er perfekt i ein kommune som Førde, men seier at kor tenleg eit ølpol er for andre kommunar, avheng av geografien.
– Ruspolitiske handlingsplanar må byggjast på nasjonal og internasjonal forsking, men det må også bygga på lokal kunnskap om kommunen det skal utførast i. Det er ikkje sikkert at eg hadde vore like positiv til eit ølpol i ein vidstrakt kommune der det er opp til 20–30 kilometer mellom kvar butikk.
– Ølpolet har same opningstider som resten av butikkane, men det blir litt mindre tilgjengeleg. Men det er også hensikta, seier Solheim.
Spår jamn avstemming
Det ligg an til eit rekordjamt resultat når bystyret skal handsame saka. Nordberg trur det går mot Høgre si meining, men håpar det vil snu.
– Det er nok fleirtal for å behalda polet, men ein vara eller to kan snu det, so det blir spanande.
– Det er eit lite tankekors for demokratiet at ei so viktig sak kan bli avgjort av at ein vara må steppa inn, legg Solheim til.
- Kva meiner du? Ta debatten