Hopp til innhold

Nyttar dikt i kampen mot mobbing

FØRDE (NRK): «Eg kjenner tårene trille ned kinnet mitt. Eg er som eit glas som har gått i tusen knas. Eg er ingenting».

Dikt om mobbing og venskap

DIKTARAR: – Er det vanskeleg å skrive om mobbing? Svaret er eit samstemd nei. Nedst f.v. Sara Svalheim, Hedda Førde Moen, Vilde Bjørnetun, Thea Lundekvam. Øvst f.v. Patrick Jensen, Håvard Folkestad.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Det har vore kjekt å skrive dikt, og at me kan seie kva me meiner om mobbing og slik, seier Thea Lundekvam.

I haust har ho og klassekameratane lært om mobbing, venskap, nestekjærleik og openheit. Så fekk dei i oppgåve å skrive dikt om dette.

Ingen ser han

Ingen høyrer han

Berre meg

Og eg vil gje han

Eit smil som varmar

Utstrakte armar

Diktet «Den mindreverdige» av Vilde Bjørnetun

Foto/redigering: Kjersti Anderdal Bakken

Openheit i klasserommet

Utfordringa tok elevane på strak arm, og no er veggane kledde med poetiske vers om mobbing og venskap.

– Eg jobba med det ganske lenge for å få det til å rime. Men det var artig da, seier Hedda Førde Moen.

– Dei er flinke til å sette ord på det, kanskje endå betre enn vaksne ville vore. Ungar er meir opne og ærlege omkring desse temaa, seier Marit Moen. Ho er teamleiar for sjuandeklassetrinnet på Halbrend skule.

Eg ligg på bakken

Alle ser på meg men

ingen seier noko

Hjertet mitt er eit knust glas

Diktet «Ingen hjelp å få» av Thea Lundekvam
Dikt om mobbing

POESI PÅ VEGGANE: Sjølvskrivne dikt er pynta med fargerike hjarter på Halbrend skule i Førde.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Bryr seg om flyktningane

Lærarane i sjuandetrinnet ynskte å sette fokus på eit aktuelt emne i undervisninga. Med mobbing, nestekjærleik og venskap som tema, har klasserommet vore arena for store og viktige diskusjonar dei siste vekene.

– Særleg aktuelt er det med alle flyktningane som kjem frå Syria. Å bry seg om andre er veldig viktig, seier Marit Moen.

Ho legg til: – Det er ikkje fordi me har spesielt mykje mobbing på sjuandesteget, men me har lyst til å skape gode relasjonar mellom elevane, i tillegg til eit godt læringsmiljø.

Dei var gråe skyer

Eg var ein mann utan paraply

Eg var åleine, så kom sola mi

Mange år etter er sola fortsatt her

Eg treng ikkje paraply

Eg kjem aldri til å glømme då eg nesten drukna

Då sola nesten slukna

Diktet «Så kom sola mi» av Hedda Førde Moen

Mange hundre venskap

– Om nokon blir mobba, skal me spørje om dei vil vera med. Og så skal me seie frå til dei vaksne om nokon har det vondt, seier Thea Lundekvam.

Trur dykk nokon blir mobba her på skulen?

– Ja, det er det. Kanskje 10. Men det er sikkert over 200 venskap! svarar Patrick Jensen.

Vennskap er noko du ikkje kan se

Men berre føle

At ein ven står ved nokon sin side

Kan få den svake til å slutte og lide

At du ikkje flyktar undå

Men blir der når andre går

Så aldri gløym

Fori verden er du ein

Men for ein er du verden

Diktet «Vennskap» av Patrick Jensen
Vi seier nei til mobbing

STORT ENGASJEMENT: Det er ikkje tvil. 'Vi seier til mobbing', står det skreve med store, gule bokstavar. Og elevane er heilt einige.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK