Hopp til innhold

Nytt samarbeid skal hindra høgskulefusjon

Høgskulen i Sogn og Fjordane startar eit nytt samarbeid med Universitetet og Høgskulen i Bergen om administrasjon, forsking og lærarutdanning. Regjeringa er avventande.

No vil dei samarbeide

SAMARBEID: Rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen (t.v.), rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland og rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen vil framleis vere sjølvstendige.

Foto: Montasje

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Åse Løkeland, håpar det nye samarbeidet med Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen i Bergen (HiB) skal føra til at regjeringa let HiSF bli verande sjølvstendig:

Åse Løkeland - rektor HSF

GLAD FOR SAMARBEID: – Me vil gjerne få til eit tett samarbeid, samstundes som me kan halda på sjølvstendet, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.

Foto: HSF

– Regjeringa har etterlyst nettopp eit forpliktande samarbeid. Me vil gjerne få det til, samstundes som me kan halda på sjølvstendet, i form av eit eige styre, eigen rektor og eige budsjett.

Bra for HiSF

Startskotet for det nye samarbeidet gjekk på onsdag, då HiSF-, UiB- og HiB-leiingane møttest. På eit møte i Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet blei dei tre institusjonane samde om å hjelpast åt om administrasjon, felles forskingsrådgiving for å få tak meir EU-forskingspengar, og om den nye femårige lærarutdanninga, som skal starta opp i 2017

– Dette er veldig bra, fordi for HiSF er det krevjande om me skal tilsetja til dømes eigne EU-rådgivarar og tryggleiksvakter, seier Løkeland.

Lærarutdanninga – ein akilleshæl

Samarbeidet er ei direkte oppfølging av HiSF-styret sitt subsidiære vedtak i februar om å arbeida for «ein tettare integrasjon» mellom vestlandsinstitusjonane, med UiB i førarsetet.

For Regjeringa er løysinga derimot å fusjonera Høgskulen i Sogn og Fjordane med andre. Hovudargumenta for samanslåingspresset har nettopp vore at det blir forska for lite ved HiSF, og at høgskulen på eiga hand ikkje vil kunne tilby studentane nok mastergradsutdanningar, som regjeringa meiner trengst i den nye femårige lærarutdanninga.

Dag Rune Olsen

FUSJON IKKJE ALLTID LØYSINGA: – Eit tett samarbeid vera like verknadsfullt for betre forsking og utdanning, som ein fusjon, meiner UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Foto: UiB

For å løysa desse flokane kan eit tett samarbeid vera like verknadsfullt, som ein fusjon, meiner Dag Rune Olsen, rektor ved UiB:

– Me har barka laus på nettopp det regjeringa har spurt etter – kvaliteten på utdanning og forskinga. Så får me til dette samarbeidet, har me langt på veg fylt opp pliktene våre.

Regjeringa avventande

– Dette er eit steg i rett retning, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad (H). Regjeringa skal om to veker leggja fram ei stortingsmelding om korleis høgskulekartet i landet skal sjå ut.

Bjørn Haugstad

EIT STEG I RETT RETNING, MEN: Eit tettare samarbeid på Vestlandet er ikkje nødvendigvis er godt nok til at regjeringa og statssekretær Bjørn Haugstad (H) let HiSF blir verande sjølvstendig.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Haugstad seier eit tettare vestlandssamarbeid ikkje nødvendigvis er godt nok til at regjeringa let HiSF blir verande sjølvstendig:

– Det er for tidleg å seia. Me må vurdera dette i lag med HiSF.

Samarbeidet mellom HiSF, UiB og HiB skal vera oppe og stå i løpet av året. Dei tre institusjonane har peika ut kvar sin ansvarlege for kvart av dei tre samarbeidsområda som skal driva arbeidet framover.