Ras ved Hundsåna på fylkesveg 609 - STENGD: Dette raset stengjer torsdag føremiddag vegen mellom Askvoll og Førde ved Hundsåna. - Foto: Vidar Laugen /

STENGD: Dette raset stengjer torsdag føremiddag vegen mellom Askvoll og Førde ved Hundsåna.

Foto: Vidar Laugen

Nytt ras stengde fylkesveg 609

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde var torsdag føremiddag stengd etter eit nytt ras i området ved Hundsåna. Vegen opna etter ca to og ein halv time.

– Eg hadde ikkje trudd det skulle gå ras i dag, seier Vidar Laugen som køyrer på strekninga kvar dag.

Han var ein av dei første som kom til rasstaden ei stund før klokka 09.30. Raset har gått vel 200 meter frå fossen ved Hundsåna, og det dekkjer heile vegen.

– Eg vil seie at det er vel ein meter høgt og kanskje tre meter breitt. Det er jord, tre og stein som dekkjer heile vegbana, seier Laugen til NRK.no.

Håpar å opne vegen klokka 12

Vakthavande Roger Nedberge Hille, ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, sa ved 09.30-tida at det er folk på veg til staden for å vurdere situasjonen. Det var då usikkert kor tid vegen kunne opne att.

Klokka 10 var mannskap kome fram til rasstaden, og ein halvtime seinare var ryddinga av raset i gang.

Nedberge Hille seier det er venta at vegen kan opne for fri ferdsle klokka 12.

– Vi tek sikte på å få ei opning i raset slik at vi kan sleppe forbi dei bilane som står i kø i 11-tida. Deretter stengjer vi vegen att for å rydde resten av raset. Vegen er venta å opne for fri ferdsle rundt klokka 12, seier han.

Like før klokka 12 sende Statens vegvesen ut melding om at vegen er opna att.

Rasutsett strekning

Laugen fortel klokka 09.30 at det allereie står fleire bilar i kø på kvar side av raset. Han er merksam på at det kan gå ras på strekninga, men trudde vêrforholda i dag ikkje var så ille at det faktisk skulle skje noko.

– Eg har køyrd her dagleg i snart 11 år, og i det siste har situasjonen blitt verre her, seier Laugen.

Sommaren 2010 var David Vagstad nær å miste livet på strekninga då eit jordras sopa bilen hans rett på fjorden. Sjølv om vegen er rasutsett er den så langt nede på lista over rasfarlege vegar at det truleg vil gå fleire tiår før vegen blir rassikra.

Avisa Firda skreiv onsdag at det i løpet av fjoråret var registrert 28 ras på vegen mellom Heilevang og Hundsåna. Også i løpet av 2012 har det gått fleire ras her.

I romjula var vegen stengd i ei heil veke etter eit ras på strekninga.

Ras ved Hundsåna på fylkesveg 609 - PÅ PLASS: Mannskap på oppdrag frå Statens vegvesen var like før klokka 10 på plass på staden. - Foto: Vidar Laugen /

PÅ PLASS: Mannskap på oppdrag frå Statens vegvesen var like før klokka 10 på plass på staden.

Foto: Vidar Laugen
Han har allerede sunge seg inn i hjarta til mange unge jenter, men snart kan det bli fleire. På lørdag står 12 år gamle Aksel Hauge Vedvik på scenen i finalen av Melodi Grand Prix-junior.
Her kan du sjå utdrag frå den spennande handballkampen mellom Førde og Fjellhammar, der Førde måtte vinne med fire lag for å spele omkamp. Viss Fjellhammar vann med 5 mål, rykka dei opp utan omkamp. Førde tapte med fem mål....
Hallvard Egelandsdal Husum (7) i Sogndal er truleg landets yngste butikksjef.