Hopp til innhold

I fjor sprang han på 11 blank - i dag sette han ny krinsrekord med 10,43

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til ny krinsrekord på 100 meter med råsterke 10.43. Dermed er det andre gongen han betrar sin eigen krinsrekord.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

I STORFORM: Øyvind Strømmen Kjerpeset har NM-forma inne.

Foto: Thore-Erik Thoresen

– Utifrå korleis forsøket gjekk, så hadde eg ein draum om 10,4. Men at det skulle

skje, var ei anna sak. I fjor laup eg på 11 blank. Då tenkte eg at dersom eg kunne springe på 10,7, så hadde eg vorte kjempenøgd. Men å gå frå 11 blank til 10,4, går nesten ikkje an å drøyme om. Det går heilt fantastisk, seier Kjerpeset.

Med denne tida er han nummer to på distansen i Norge denne sesongen, både på 100 og 200 meter, berre slegen av VM-finalist Jaysuma Saidy Ndure.

– Eg er veldig sjokkert sjølv. Denne treningssesongen og treninga siste året har gått akkurat slik vi har ønskt. Vi har jobba hardt og målretta, og eg har vore heldig og halde meg unna skadar og fått trent jamt og trutt, seier Kjerpeset.

Veit at farten er god nok

– Når ein får trent rett, så kjem resultata som eg aldri hadde trudd eg kunne gjere, seier Kjerpeset.

Kjerpeset er eigentleg hekkeløpar, men likevel har han gjort det fantastisk godt på sprintdistansar utan hekk denne sesongen. Men nok stilskifte, er det ikkje snakk om.

– Nei, på ingen måte. Det er 400 meter hekk som skal løpast. Men der er det alltid toppfarten som vil vere den mest avgrensande faktor, og det er også det som er vanskelegast å utvikle, difor vel vi å gjere det i ung alder. Så skal vi byggje uthald på den farten vi har, seier Kjerpeset.

Han legg til at uthaldet hans er bra, men at det kan bli mykje betre.

– Når eg har fartsgrunnlaget, så har eg alle moglegheiter til å gjere dei resultata eg vil på 400 meter hekk. Eg veit at dei som er i verdstoppen ikkje spring fortare enn det eg gjer no, seier Kjerpeset.

Gjer mykje for motivasjonen

Med slik framgang på sprintdistansane, legg ikkje ungguten frå Florø skjul på at motivasjonen får seg ein ekstra piff.

– Det gjer meg ekstremt motivert å vise at den treninga vi gjer er veldig viktig. Viss vi berre held fram slik vi gjer, så kan eg gå heilt i verdstoppen til neste år. Det er fantastisk å få slike resultat, det er ekstremt motiverande, seier Kjerpeset.

At han også kan komme til å slå krinsrekorden på 400 meter flatt, ser han ikkje vekk ifrå.

– Eg har tenkt å springe ein 400 meter i år, men eg veit ikkje heilt når. Eg reknar med at eg kan klare å ta rekorden på 47,4, for eg trur eg kan springe fortare enn det, slik det ser ut no. Men eg får sjå korleis sesongen går, seier Kjerpeset.

Han legg til at hovudprioriteringa er 400 meter hekk.

– Eg ønskjer å senke persen min der så mykje som mogleg, og så får eg sjå om det er plass til ein 400 meter flatt, seier Kjerpeset.

Kroppen er klar for NM neste helg

I morgon skal han springe 200 meter, og kanskje 300 meter på Bislett.

– Når det gjekk slik det gjekk i dag, så trur eg det kan gå over all forventning i morgon. Eg håpar å springe under 21 blank på 200 meter. Men eg får sjå på kroppen i morgon, seier Kjerpeset.

Han er klar over at risikoen for skadar aukar når han syner den superforma han no gjer.

– Det er risikabelt, og eg vil ikkje ta nokon sjansar før NM og 400 meter hekk. Men eg har veldig store ambisjonar i morgon også, seier Kjerpeset.

Neste helg er det NM, og det er der det skal gjerast.

– Det er veldig viktig for meg. Dette skulle vere oppkøyringa til det. Eg kjem ikkje til å ta nokon sjansar, for eg ser, eg er jo klar allereie, seier Kjerpeset.

Trur på ny krinsrekord

Dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, er djupt imponert over Kjerpeset sin prestasjon.

– Endå ein gong eit imponerande løp av Kjerpeset, og han har teke formidable steg, også som sprintar. Det blir spennande å sjå han i aksjon på dei andre distansane i stemnet, seier Narve Heggheim.

Han har stor tru på Kjerpeset også på 400 meter.

– Vi ventar i spenning på eit løp også på 400 m flatt, der vi har ein veldig gammal krinsrekord som truleg står for fall. Den er på 47,4 og vart sett av Bjørn Birknes i 1973, seier Heggheim.