Hopp til innhold

Nyt nysnøen i dag - for måndag kjem sørpevêret for fullt

Folk i Sogn og Fjordane vakna opp til masse nysnø søndag morgon og meteorologen lovar at det vil kome meir, mykje meir. Men gle deg til måndag, då blir alt så mykje våtare ...

Kjersti Opstad Strand

TETT SNØVER: Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand fortel om nysnø, meir snø og regn. Kartet frå senorge.no syner kvar det har kome mest snø siste døgnet.

Foto: arkiv / privat / senorge.no / NRK

– Ja, det blir nok sørpe dei fleste stader ...

Det seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand frå Vêrvarslinga for Vestlandet i Bergen. Frå kontoret sitt kan ho registrere at Vestlandet snør ned, og særleg deler av Sogn og Fjordane.

– Mange stader har det kome minst 10 til 30 centimeter nysnø i natt. Snøbyene vil halde fram, før det i ettermiddag blir litt lettare. Men så kjem det meir snø utover kvelden og natt til måndag, seier ho.

– Men kva skjer måndagen?

– Jau, måndag ettermiddag blir det betydeleg mildare, og nedbøren vil gå over frå snø til regn dei aller fleste stader og ganske høgt opp i fjellet.

Ho brukar Stryn som døme. Der ligg det søndag morgon på minus 7 grader, måndag vil temperaturen stige opp til eit par plussgrader.

Kombinasjonen av mykje snø over alt, regn og langt høgare temperaturar fører til eit kjent fenomen for oss vestlendingar.

– Det er vel ikkje tvil om at det blir sørpe, mykje sørpe, seier den alltid blide meteorologen.

Ho kan gle oss over at det langt mildare vêret vil halde fram også i dagane fram mot og over nyttårsaftan ...