Hopp til innhold

Desse turbinane er 61 år gamle - yter nesten like mykje som nye

Kraftverket har stått stilt sidan 2004, men i dag vart Holsbru kraftverk i Øvre Årdal offisielt nyopna att. Kraftverket produserer 84 GWh, noko som skal forsyne om lag 4000 husstandar med straum.

Holsbru kraftverk

GÅR SÅ DET SUSAR: Sjølv om seks av turbinane er frå 1941, produserer dei nesten like mykje som splitter nye turbinar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Holsbru kraftverk er i praksis gamle Tyin kraftverk, som vart utfasa ved overgang til Nye Tyin i 2001–2004. I dag var mange på plass for å feire nyopninga.

Kraftverkssjef for Hydro Energi sine kraftverk i Sogn, Oddgeir Steinheim, la ikkje skjul på at det er stort å kunne opne Holsbru kraftverk offisielt.

– Det er ikkje kvar dag slikt skjer. Eg har vore tilsett i Hydro Energi i fem år, og dette er det største vi har bygd på dei åra. På lista til NVE syner det seg at dette er eit av dei største kraftverka med grøne sertifikat som er bygd hittil, seier Steinheim.

Mykje gamalt utstyr

Kraftverket har vore i drift sidan april, men vart offisielt opna i dag. Om lag 75 personar var med på opningsfesten.

Sjølv om kraftstasjonen er oppgradert, er det mykje att frå det som var.

– Det meste av utstyret i maskinhallen er frå 1943. Vi har ei ny turbin og nytt reguleringsutstyr, seier Steinheim.

Opphavleg var det ein gammal stasjon med seks maskiner som vart lagt ned i samband med at nye Tyin vart bygd og ein fekk ein ny konsesjon i 2001.

– Så hadde vi noko restvatn i konsesjonen som vi såg at vi kunne nytte i den gamle Tyin, som i dag har vorte Holsbru. Dette er i grunn ein fullføring av konsesjonen vi fekk i 2001, pluss at vi også tek inn ein del bekkeinntak langs fjellet mot Holsbru, seier Steinheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Moss

STOD FOR OPNINGA: Konserndirektør i Hydro Energi, Arvid Moss.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fann andre måtar

Køyrer du riksveg 53 mellom Årdal og Tyin så køyrer du forbi ei rekkje vatn. Dei store vatna Torholmen og Tyin produserer bortimot 1400 GWh, noko som er enorme mengder straum som held aluminiumsproduksjonen i Årdal i gang.

– Det vart gjort ei utgreiing der ein vurderte å pumpe Holsbruvatnet opp på eksisterande tunnel, men det var ikkje lønsamt. Då vi fekk ny konsesjon så tok vi til å vurdere korleis vi kunne få Holsbru inn på ein annan måte enn ved pumping, og då såg vi moglegheita for gjenbruk av gamle Tyin kraftstasjon, seier Steinheim.

Mykje tysk medverknad

Historikar Johs. B. Thue var også til stades under opninga.

– Dette er på ein måte eit møte med ei nytid som kviler veldig på historiske utviklingslinjer, seier Thue.

Han peikar på det nære sambandet med Tyskland som går heile vegen.

– Det går frå tidleg på 1900-talet og framover. Tyske ingeniørar, tysk kapital og tysk kunnskap er med. Så kjem dei attende for fullt under krigen, og er teknisk heilt fullkomne, seier Thue.

Han fortalde under opninga historia om direktøren som fekk fullmakt til å ordne med Nordag, det tyske aluminiumsselskapet som var her inne, så tidleg som 9. april 1945.

– Det første han gjorde var å engasjere to av leiarane som hadde vore her under krigen, slik at dei var med i heile sluttføringa av Tyin kraftstasjon, seier Thue.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opning Holsbru

MYKJE GJESTAR: Om lag 75 gjestar var inviterte til nyopninga.

Foto: Arve Uglum / NRK

Yter nesten som nye

Turbinane, som er frå 1941, yter om lag ein prosent mindre enn dei aller mest moderne turbinane som vert produserte i dag.

– Det er heilt imponerande. Då dei restaurerte kraftstasjonen måtte dei flytte nokre aggregat. Men støypekvaliteten som er på både golv og vegger her, førte til at dei brukte mykje lenger tid enn dei hadde sett føre seg, rett og slett fordi det som er her omtrent ikkje er til å rikke, seier Thue.

Anlegget vart teke ut av drift i 2004, men sjølv om det har gått ein del år, er det omtrent berre å setje vatn i røyrgatene att, så fungerer det meste.

– Det fortel om det veldige fortrinnet vasskraftutbygging har. Dammane varar evig, røyrgatene varer evig. Når ein i tillegg får tysk ingeniørpresisjon på storparten av installasjonane, så er dette vunnen kapital for alltid, seier Thue.

Han tykte det var gjevt å få vere med på opninga.

– Dette er ei merkeleg oppleving for ein historikar som meg, som har skrive mykje om Årdal. Eg vart svært positivt overraska då eg kom inn i kraftstasjonen. Alt er pussa flott opp, her er bilete og nesten eit lite lokalhistorisk arkiv, og midt oppi dette har ein ein eldgamal teknologi som er fullt på høgde med det vi har i dag, seier Thue.