Hopp til innhold

Nygift vart cruisegjest nummer to millionar i Flåm

FLÅM (NRK): Cetty Russotto og Francesco Moscato frå Sicilia i Italia er nygifte og på bryllaupsreise med cruiseskipet «Sinfonia». I Flåm fekk dei seg ei artig overrasking.

Passasjer nummer to millionar i Flåm

OVERRASKA: Cetty Russotto og Francesco Moscato får vite at dei er historiske i Flåm. Til venstre ass. hamnesjef Jon Olav Stedje.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For medrekna passasjerane på «Sinfonia» har Flåm passert to millionar cruisegjester sidan djupvasskaia vart bygd i 1999. Assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje hadde rekna ut at passasjer nummer 400 på cruiseskipet er Flåm sin cruisegjest nummer to millionar.

Passasjer nummer 400 var Francesco, og dermed vart Cetty nummer to millionar og ein. Assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje gav paret ein gratistur med Flåmsbana pluss gåvekort på aurlandssko og på suvenirbutikkane i Flåm.

– Det er svært overraskande og gledeleg at vi skulle bli gjest nummer to million i Flåm. Vi er nesten litt rørte, sa Francesco.

Han og Cetty hadde uansett tenkt å ta turen med Flåmsbana for å oppleve den vakre naturen.

Francesco Moscato

GRATISTUR: Francesco Moscato klar til å nyte turen med Flåmsbana - gratis.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er klart at dette er ein stor dag for oss i Flåm at det sidan 1999 har kome to millionar cruisepassasjerar til vår vesle bygd med 300 innbyggjarar, seier Stedje.

– Veldig stolte

Han meiner det har mykje å seie for utviklinga av Flåm som turistmål.

– Vi har lukkast med noko, vi har skapt noko. Det er vi veldig stolte over.

Han meiner nye reglar og direktiv er med på å gjere cruisetrafikken meir «stoverein».

– Vi har nokre av dei strengaste utsleppskrava som finst i næringa. Det er berre Nord-Amerika og Great Barrier Reef (i Australia) som har like strenge krav. Såmå vi engasjere oss i arbeidet med å få til landstraum.

Cruisepassasjer nummer to million steig i dag i land i Flåm. Sidan djupvannskaiein blei bygd for 16 år sidan, har passasjertalet auka kraftig i den vesle bygda. Da lokala havnevesenet e stolte over milepælen, men vil no avgrensa trafikken.

TV-sak: Her kan du sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen.

Lengre sesong

I tillegg set Flåm eit tak på maks to båtar om dagen. Dette blir kompensert med at det blir ein lengre sesong.

– Sesongen vil ta til i mars-april. Det vil skape fleire heilårs arbeidsplassar, og det er bra for Flåm og Aurland kommune.

Cruiseskipet Sinfonia i Flåm

I FLÅM I DAG: Cruiseskipet «Sinfonia».

Foto: Halvor Farsund storvik / NRK