Hopp til innhold

Nyevegen førde til fleire hjortepåkøyrslar

Den snørike vinteren i delar av fylket har ført til mange hjortepåkøyrslar. Berre i går kveld vart fem hjortar påkøyrde ulike stader i fylket.

Noreviktunnelen

FARLEG FOR HJORTEN: På denne strekninga mot Noreviktunnelen har det vore 20 hjortepåkøyrslar sidan nyevegen vart opna for vel to år sidan.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ein av dei mest utsette vegstrekningane er på E39 på Torvund, mellom Vadheim og Lavik. Der såg Morten Torvund mykje hjort på bøane vest for Noreviktunnelen tysdag kveld.

– Eg var ute med lykt, og då såg eg 13 hjortar rett her oppe.

Då NRK sin utsende var med Torvund i morgontimane onsdag var det ikkje hjort å sjå, men tysdag kveld vart ein hjort påkøyrd nokre kilometer lengerr vest, ved Alværa.

Morten Torvund bur ved E39 og ser ofte farlege situasjonar.

– Minst ein gong i veka ser eg hjort som kryssar vegen, og leiaren i viltnemnda har fortalt meg at sidan nyevegen vart opna er 20 hjortar påkøyrde like utanfor tunnelen.

– Farlegare med nyevegen

Torvund meiner at opninga av den nye vegstrekninga i desember 2012 gjorde det langt farlegare for hjorten.

– No kjem bilane i god fart gjennom den godt opplyste tunnelen, og då er det ikkje alltid lett å sjå hjort som kryssar vegen i mørket rett utanfor tunnelmunningen. Dette vart påpeikt av oss grunneigarar i byggjeprosessen, men vi fekk ikkje gehør for at det burde gjerast tiltak.

Grunneigaren på staden meiner dei på ein enkel måte kan redusere faren for hjortepåkøyrslar, seier Morten Torvund.

– Dei kan byggje eit gjerde på begge sider av vegen frå tunnelmunningen til brua eller lage til ein undergang ved brua. Nokre lyspunkt utanfor tunnelen ville og hjelpe. Eg er samd i at vi ikkje kan byggje gjerde langs heile E39, men dei bør ta farlege punkt som dette.

Morten Torvund

- BØR GJERE NOKO: Morten Torvund meiner enkle tiltak vil hjelpe.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Kan fort ende med personskade

Som regel er det hjorten det går verst ut over i dei hyppige samanstøytane mellom bilar og dyr, men Morten Torvund meiner det i einskilde tilfelle også kan vere farleg for dei som sit i bilane.

– For 14 dagar sidan hadde vi ein hjortepåkøyrsel akkurat her vi står, den var så kraftig at bilen ikkje var køyrande etterpå, og hadde det vore ein lågare bil kunne det fort ha enda med personskade.

Han meiner dei store snømengdene i fjellet er ei av årsakene til at det er så mykje hjort på vegane.

– I haust var det omtrent ikkje hjort her, men etter det store snøfallet har alt trekt ned. Eg må gjerde inne rundballane mine, elles forsvinn dei fort.

Ann Kristin Nes

LOVAR Å GJERE NOKO: Miljøkontakt Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lovar tiltak kjapt

Miljøkontakt Ann Kristin Nes i Statens vegvesen seier dei vil prøve å gjere noko for å minske risikoen for hjortepåkøyrslar på staden.

– Vi ser no på dei tiltaka som vil kunne fungere på Torvund, og så satsar vi på å få gjort noko med problemet ganske fort.

Ho seier at hjort i vegen er eit problem i store delar av fylket, men at det er spesielt stort no når store snømengder i høgda får hjorten til å trekkje ned i låglandet.

– Vi ser no at hjorten brukar nye trekkruter, slik at det oppstår situasjonar på stader vi ikkje tidlegare har rekna som spesielt utsette.