Hopp til innhold

Ny veg til ferjekaia har skapt kaos 1. nyttårsdag

Natt til i dag opna den nye tilførselsvegen på E39 ned til ferjekaia i Lavik, men mange har ikkje fått med seg dette og har køyrd gamlevegen. Dette har tidvis ført til kaos på ferjekaia i Lavik i dag.

Lavik kai

SISTE BIL AV: Her køyrer siste bil av ferja før Norled overtok drifta av Lavik-Oppedal i natt. No blir bilistar oppmoda om å passe på å bruke rett veg ned til kaia.

Foto: Marit Bendz / NRK

– Vi har fått mange telefonar om dette, og vi oppmodar på det sterkaste bilistane om å passe på at dei brukar rett veg ned til kaia, seier Kjetil Molvær i Statens vegvesen til NRK.

Det er den mykje omtala vegen, som på folkemunne har blitt kalla «Griserompa», som no er stengt for trafikk. Dermed slepp bilane den skarpe svingen ned frå Lavik sentrum til ferjekaia.

Lavik ferjekai

BLIR SLIK: Etter planen blir den nye kaia i Lavik sjåande slik ut når arbeidet er ferdig til hausten.

Foto: Ove Kjensli

– Den nye vegen opna no i natt, men likevel har folk køyrt gamlevegen. Det har tidvis ført til kaos, mellom anna med store bilar som har vore nøydde for å rygge opp att den skarpe svingen, seier Molvær.

Norled overtok drifta av ferjekaia i Lavik frå midnatt, og skal etter kvart ha ein frekvens på 20 minuttar mellom kvar ferje på det mykje brukte sambandet.

– Etter det vi har fått vite skal det kome på plass betre skilting frå i morgon, men i mellomtida må folk passe på at dei brukar rett veg ned til kaia, er den klare oppmodinga frå vegtrafikksentralen.

Det er eit omfattande arbeid på gang på ferjekaia i Lavik, og den nye tilførselsvegen ned til kaia er eit av fleire byggjesteg.

Den nye fergekaien i Lavik i Sogn er no opna, for å kunne ta i mot fleire biler, Dette eit av landets mest trafikkerte ferjesamband, og for å laga kaien, måtte vesentlege deler av bygda jevnast med jorda.

SJÅ TV-SAK: Med den nye ferjekaien er «griserompa» i Lavik blitt historie. (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE/NRK)