Hopp til innhold

Her skal ein thriller spelast inn - og du kan få ei av rollene

Ein psykologisk thriller skal i september spelast inn i Fjærland. Fleire kjende, norske skodespelarar skal vere med i filmen, og no kan du òg skaffe deg ei rolle.

Mundal Hotel

THRILLER-HOTEL: På Mundal Hotel i Fjærland skal ein ny norsk spelefilm filmast i haust.

Foto: privat / Dukken i taket

«Dukken i taket» er inspirert av romanen med same namn, skriven av Ingvar Ambjørnsen. Dei neste månadene skal den altså bli til film, og plassen filmskaparane har valt for innspelinga er Fjærland.

Ingrid Ulset

TRENG FOLK: Castingansvarleg Invild Ulset er på jakt etter folk frå Sogn og Fjordane til ny norsk spelefilm.

Foto: privat

Dette er ei rå hemnhistorie som utspelar seg i den mektige og storslegne vestlandsnaturen. Mundal Hotel i Fjærland skal vere staden for innspelinga.

Treng folk til audition

Måndag og tysdag neste veke skal filmskaparane halde audition i Sogndal og Førde for å skaffe fleire skodespelarar og statistar til filmen.

– Vi ser etter alle moglege menneske, kroppsfasongar og kjønn, men spesielt etter jenter i alderen 12 til 23 og menn frå 35 år og oppover. Det er nemleg tre unge roller vi ikkje har sett enno. I tillegg har vi ei rolle til ein vaksen mann, fortel castingansvarleg Ingvild Ulset.

Siren Jørgensen og Kjersti Steinsbø

HOVUDROLLE: Siren Jørgensen skal ha hovudrolle i filmen. Kjersti Steinsbø og (t.h.) er regissør.

Foto: Duken i taket

Kjente namn som Anders Baasmo Kristiansen og Trond Espen Seim er nokre av skodespelarane som allereie har fått ei rolle i filmen, men Ulset håpar mange vil ta turen på audition for å sikre seg ei rolle eller ei statistrolle i filmen.

Vil ha folk med dialekt

– Vi treng folk til dei ledige rollene og har veldig lyst til at dei skal vere lokale. Det er svært ønskjeleg at nokon av rollene skal prate ei dialekt frå Sogn og Fjordane for å skape eit truverdig univers, seier Ulset.

Ifølgje Ulset skal Mundal hotell passe godt som stad for filminga. Mykje av handlinga går nemleg føre seg på eit hotell.

– No blir det spennande å sjå om Førde og Sogndal har nokre skjulte skodespelartalent.

Denne veka har Ulset brukt tid på å kontakte skule- og teatermiljø i fylket. Ho trur mange tenkjer at audition er skummelt, og at det er folk der som skal dømme deg.

– Slikt som ein ser på Idol og andre talentprogram stemmer ikkje med slik ein filmaudition utspelar seg. Det vil berre vere meg til stades saman med nokre assistentar. Du treng berre å kome, vere deg sjølv og registrere deg. Så tek vi nokre bilete og vert betre kjent.

– Eg oppmodar alle til å komme. Det er ei kjekk oppleving. Og får ein ei rolle får ein sett korleis det ser ut på eit ekte filmsett, fortel Ulset.