Hopp til innhold

Satsar mot bilmarknaden i Europa med ny teknologi

Aluminiumverka til Hydro i Sogn satsar no meir på leveranse av metall til bilindustrien. Etter ei tid med låge aluminiumsprisar og underskot, håpar dei no at ny teknologi kan trygge arbeidsplassane.

Created by InfoDispatcher

Den nye teknologien viser vegen inn til ei meir lønsam framtid for Høyanger metallverk.

I prøveanlegget produserer dei store blokker med metall som er spesielt tilpassa bilindustrien.

Marknaden i valseblokk og aluminium dreiar meir mot aluminium i bil.

– Det betyr at ein har ein del vanskelegare legeringar som ein ikkje kan produsere med den gamle teknologien, men som vi vil kunne produsere med den nye, seier støyperisjef ved Hydro Høyanger metallverk, Stian Rørvik.

Over 100 færre tilsette på ni år

– Den nye teknologien er framtida vår, seier fabrikksjef ved Hydro Høyanger metallverk, Wenche Eldegard.

Wenche Eldegard

GOD DRIFT: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger metallverk, Wenche Eldegard, ser lyst på framtida.

Foto: Johan Moen / NRK

Ho er fabrikksjef på eit verk som har krympa frå 268 til 156 tilsette på ni år. I ei tid der aluminiumprisane er på botnnivå greidde dei å auke overskotet til 49 millionar kroner i 2013.

– Det er eit resultat som speglar god drift og at vi framleis klarar å redusere kostnadar og drive med betringar. Eg er godt nøgd, seier Eldegard.

(Artikkelen held fram under biletet)

Testanlegg Hydro Høyanger

TESTAR UT: Ved dette testanlegget prøver dei ut ny teknologi.

Foto: Johan Moen / NRK

Prisane på valseblokker har gått opp

Ho legg til at resultatet er spesielt godt når ein tek høgde for dei låge aluminiumsprisane som har vore i 2013.

– Elektrolysen har sett ny produksjonsrekord. Men hovudårsaka til betringa er betre prisar på valseblokkene som vi sel. Prisane på valseblokkene har gått opp og marginane har gått opp, seier Eldegard.

Valseblokkene blir selde til annan industri. Men Hydro Høyanger jobbar hardt for å få selt ein større del av produkta sine til bilindustrien.

– Det er det den nye teknologien skal hjelpe oss med, og den testar vi ut her i Høyanger i desse dagar, seier Eldegard.

Godt nøgde med prøveproduksjonen

Stian Rørvik

HAR TRUA: Støyperisjef Stian Rørvik har stor tru på den nye teknologien.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Testinga har pågått i eit par veker, og Eldegard er godt nøgd så langt.

– Eg er veldig optimistisk. Det har gått over all forventning, så vi har veldig tru på at vi skal få dette til, seier Eldegard.

Og ting tyder på at dei snart blir endå meir nøgde både i Høyanger og Årdal. Dei første blokkene frå det nye støyperiet er alt skipa ut, og resultatet er godt.

– Prøveproduksjonen så langt har gått over all forventning. Målsetjinga er at ein allereie i løpet av 2015 skal implementere denne teknologien i alle produkt i Høyanger og Årdal, seier Rørvik.