Hopp til innhold

Ny publikumsrekord for Malakoff

Over 22.000 publikummarar fann vegen til Malakoff Rockfestival 2014. Eit fantastisk ver og ei artistliste med noko for alle gjer at det er ein overlukkeleg festivalsjef som summerer opp helga.

– Vi har aldri vore nærmare ei perfekt festivaloppleving. Artistane serverte musikalske høgdepunkt på rekke og rad, publikum strålte og vêret viste seg frå si beste side, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Malakoff vart starta i 2003, og då vitja rundt 650 personar festivalen. I 2013 var over 20.000 personar innom, og festivalen var for første gong utseld. Festivalen fekk i 2013 årets fylkeskulturpris

I løpet av helga har mange store band gleda dei frammøtte. Fredag spelte både Karpe Diem, Sivert Høyem og bandet som har måtta tole samanlikningar med legendariske Jokke og Valentinerne, Oslo Ess.

Laurdag spelte både lokale artistar og vitjande frå Sverige og USA.

– Gått som planlagt

Då Dropkick Murphys avslutta laurdagskvelden, nådde festivalstemninga nye høgder på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid, seier festivalsjefen.

– Stemninga har vore ekstremt god heilt sidan vi starta og det meste har fungert som planlagt.

Festivalen har nesten 1000 frivillige, som skal ta seg av kring 30 artistar og over 20.000 besøkande. Festivalen har ein av landets største campar med plass til fleire tusen camparar, og dei som valde denne løysinga kunne glede seg over perfekt ver.

– For dei som sov på campen vart det til tider litt varmt i sola, så svært mange nytta høvet til ein dukkert i elva eller fjorden i løpet av laurdagen.

Ynskjer å vere for alle

Under Ylvis-konserten laurdag var det samla nær 12 000 menneske i alle aldrar på festivalområdet, opplyser festivalsjefen.

– Det har aldri vore så mange ungar på festivalen før. Malakoff Rockfestival ønskjer å vere ein festival for alle aldersgrupper, seier Naustdal.

Malakoff Rockfestival har utvikla seg til å bli eit stort arrangement som trekkjer publikum frå heile landet. Og festivalsjefen er sikker på at alle fann noko dei likte i løpet av helga.

– Totalopplevinga har vore den beste nokon sinne og det er det som er den gode Malakoff-opplevinga, seier Naustdal.

Politiet: – Har gått fint for seg

Politiet stadfestar at med så mange samla til fest, har det har gått fint for seg på festivalområdet. Fredag vart ein person vist vekk frå festivalområdet etter ordensuro, og to personar for bruk av narkotika.

Laurdag kveld og natt til sundag vart fem personar vist vekk og politimelde for bruk av narkotika. I fire av tilfella gjaldt det hasj.

– Det har gått veldig greitt. Det ser veldig bra ut. Det har ikkje vore nokre store meldingar om bråk eller vald, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.