Hopp til innhold

Første fleirkulturelle leiar for ungdomsparti

Himanshu Gulati tek truleg over som leiar i FpU, Framstegspartiets ungdom. Han blir dermed den første fleirkulturelle leiaren i eit ungdomsparti nokon sine.

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati, frå Lavik blir truleg ny leiar i FpU.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Himanshu Gulati er fødd i Førde og budde sine første ni år i Lavik i Sogn og Fjordane. Som norsk-inder med røter frå distrikts-Noreg meiner han det er ein myte at Framstegspartiet er distrikts- og innvandringsfiendtlege.

– Eg trur venstresida i norsk politikk ville blitt overraska over kor mange innvandrarar som er kritiske til den naive innvandringspolitikken som blir ført i dag. Mange innvandrarar ynskjer ein strengare innvandringspolitikk, seier Gulati.

For det er inga myte at både ungdomspartiet han snart skal leie og moderpartiet ynskjer ein strengare innvandringspolitikk.

– Innvandrarar ser at dei vil tene på ein betre innvandringspolitikk, og difor støttar dei opp om strengare regulering av politikken på dette feltet. Å gå inn for ei strammare linje er ikkje det same som å vere framandfiendtleg, understrekar Gualti.

– Sjølvbestemmelse viktig for distrikta

Himanshu Gulati snakkar engasjert om politikken, og det er tydeleg at han er klar til å snart ta over som leiar i FpU.

– Vi er heller ikkje distriktsfiendtlege. Frp er det einaste partiet som ynskjer å senke bilavgiftene og satse meir på vegbygging. Dette er ein avhengige av i kvardagen i distrikta, påpeikar Gulati.

Han legg til at det same gjeld retten til å bestemme over eige areal. – Frp vil at kommunane skal kunne bestemme over eige arel, utan at Fylkesmann og andre kjem med innvendingar. Skal vi ha levande lokalsamfunn må det vere mogleg å bestemme mykje lokalt, seier Gulati.

Stor takhøgd i partiet

Noverande leiar i FpU, Ove Vanebo har vore leiar i valkomiteen, og det er han som har peika ut Gulati som etterfølgjar. På twitter skreiv Vanebo følgjande:

«Jeg vil gratulere @himanshugulati, som innstilles som ny formann i @FpU_no! Det er sant som de seier, innvandrerne kjem og tar jobbane våre.»

Himanshu Gulati ler av meldinga. – Det er stor takhøgd i partiet, og vi likar å bryte ned og spøkje med mange av dei fordommane som folk har mot partiet.

Han ser også humoristisk på ei anna twittermelding frå Vanbo:

«Skjønner godt at @himanshugulati vil skjule sin bakgrunn. Frå Sogn og Fjordane. »

– Eg held dessverre ikkje så godt på dialekten lenger, etter mange år i Oslo. Litt Sognemål blir det likevel rundt middagsbordet med søskena mine, seier han på klingane austlandsk.

Himanshu melde seg inn i FpU i 2004 og var leiar i fylkeslaget til kershus frå 2008 til 2010. På landsmøtet i 2010 vart han vald til 1. nestformann i FpU.

– Ein særs dyktig politikar

Gulati får gode skussmål frå leiaren i Sogn og Fjordane FpU, Stig Ove ølmheim. Dei arbeidde saman på Stortinget i sommar.

– Det var utruleg kjekt å bli kjend med han. Han er ein særs flink politikar, som har arbeidd tett med rikspolitiske saker, seier Ølmheim.

Han er også klar på at det betyr mykje at Gulati har røter i Sogn og Fjordane. – Han hugsar godt kvar han kjem frå og vi erveldig glade for at han har valt ut Sogn og Fjordane som eit av fylka han først vil besøkje når ungdomspartiet legg ut på turne, seier fylkesleiaren.

Opp til landsmøtet

Det endelege valet om ny leiar i ungdomspartiet er likevel ikkje heilt i boks. Det er landsmøtet som til slutt avgjer.

– Det har ikkje kome inn nokon motkandidatar, og eg tek det som eit teikn på stor tillit, seier Gulati. Han har allereie planane klare for korleis han skal angripe dei nye arbeidsoppgåvene.

– Vi vil jobbe for at politikarar får mindre makt og folket meir. Folk skal få bestemme over eigne pengar, eigedom og eigne liv. Vi skal markere oss som ei tydeleg motvekt til dagens venstreside, som stadig styrer meir av folks liv.

Startar ungdomslag i Høyanger

Den nye leiaren ynskjer også å arbeide for å styrkje både fylkes- og lokallaga til partiet. I slutten av veka skal FpU etablere seg i Gulati sin heimkommune, Høyanger.

– Det er utruleg kjekt at vi startar lag i Høyanger. Eg gleder meg også til å kome til Sogn og Fjordane i løpet av våren for å snakke med ungdomme. Vi må fortelje dei at det må ei ny retning og ei ny regjering til om noko skal endrast, avsluttar Gulati.