Arbeidet blir gjort med tanke på å skifte ut den gamle og smale brua som går over sundet i dag.
Ikkje lang levetid
Distriktsvegsjef i Sogn, Pål Fosdal, er klar på at den smale 45 år gamle Loftesnesbrua ikkje har all verda med levetid igjen. Og sjølv om det ikkje ligg inne pengar på budsjettet til ei heilt ny køyre-og gangbru over sundet, er det viktig å kome igang med reguleringsarbeidet seier Fosdal.
Var skuffa
Mange forkjemparar i Sogndal var skuffa for tre år sidan då vegsjefen skrinla planane om ei ny gangbru over sundet. Kostnadane på 55 millionar kroner vart for mykje. Når vegvesenet no vil regulere området er det meir lønsamt å tenke ei fornying av heile brua, seier Fosdal.
Eks-ordførar nøgd
Tidlegare ordførar i Sogndal og no fylkestingsrepresentant for Senterpartiet Jarle Skartun har jobba lenge for å få ei ny bru over Loftesnessundet. Han er svært nøgd med vegprosjektet på riksveg 5 igjen er komen på dagsorden. No vil han arbeide for at fylkespolitikarane prioriterer Loftesnesbrua inn i vegplanen for 2006 til 2009.