Hopp til innhold

Fleire brear er blitt så små at ein ikkje lenger kan måle dei

Fleire isbrear har smelta så mykje at det er vanskeleg og risikofylt å halde fram frontposisjonsmålingane. – Det er vemodig, seier senioringeniør i NVE, Hallgeir Elvehøy.

Laster innhold, vennligst vent..

Målingane av brefronten til Bøyabreen, Store Supphellebreen, Briksdalsbreen og Bødalsbreen går mot slutten.

– At nokre brear blir vanskelegare å måle er eit sikkert teikn på at den negative utviklinga til breane held fram, seier Pål Gran Kielland som er fagansvarleg ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten.

– Uråd å måle i år

Norsk Bremuseum måler Haugabreen, Bøyabreen, Store Supphellebreen og Vetle Supphellebreen.

Laster innhold, vennligst vent..
Senioringeniør Hallgeir Elvehøy i NVE på Engenbreen

VEMODIG: Senioringeniør Hallgeir Elvehøy i NVE har i haust gjennomført bremålingane. Enkelte for truleg siste gang. – Målingane må vere meiningsfulle, og det kan ikkje vere risiko knytt til det, seier han.

Målingane ved Bøyabreen og Store Supphellebreen starta i høvesvis 2003 og 1992. No ser det ut til at måleseriane må avsluttast.

I år har det vore uråd å få nøyaktige målingar av dei to.

– Det er gradvis blitt vanskelegare å måle direkte på blåis, noko som betyr at målingane ikkje lenger er representative for utviklinga til breane, seier Kielland.

Briksdalsbreen

Breane i Fjærland er ikkje dei einaste som kan vere målte for siste gang. Senioringeniør Hallgeir Elvehøy seier at dei også vurderer å stogge målingane på Briksdalsbreen i Stryn.

Utviklinga til Briksdalsbreen.

TILBAKEGANG: Det har gått to år sidan sist gang ein kunne måle fronten på Briksdalsbreen. Då hadde den trekt seg tilbake med 1,2 kilometer på 113 år.

Foto: Axel Lindal/Bjarne Kjøllmoen/Erling Briksdal

– Breen har trekt seg så langt tilbake at den no ligg på kanten av eit stup. Uansett kva som skjer, så vil den bli liggande der, med same avstand, seier han og legg til at det er same problemstilling ved Bødalsbreen. Her er det også rasfare.

– Når ein bre ligg ved eit stup, så skal det mykje til for at breen fyller opp stupet under seg. Det som veks ut om stupet, vil rase av, held Elvehøy fram.

Laster innhold, vennligst vent..

Lenger smeltesesong

Sidan framrykket på 1990-talet kulminerte i 1997, har breane smelta meir og meir. Prognosar om eit varmare klima gir ikkje senioringeniøren i NVE håp om at dei vil vekse særskilt i nær framtid.

– Det er to ting som påverkar breane. Mindre nedbør og høgare sommartemperaturar, seier Elvehøy og held fram:

Pål Gran Kielland

URÅD: Pål Gran Kielland ved Norsk Bremuseum seier dei truleg må gje opp å måle Bøyabreen og Store Supphellebreen.

Foto: Sunniva Vatle

– Når det gjeld sistnemnde, så har vi også varmare haustar, noko som gir lenger smeltesesong og dertil kortare vinter.

– Vemodig

– Det er jo vemodig. Målingane på til dømes Briksdalsbreen starta i 1899, og har vore målt kvart år sidan, seier Elvehøy.

I haust gjennomførte han årets målingar. Størst tilbakegang hadde Bødalsbreen med 180 meter. Kielland opplyser at Vetle Supphellebreen har rykka fram åtte meter i år, men sidan målingane starta i 2011 har den totalt trekt seg attende 14 meter.

– Breane er lenger tilbake enn på frykteleg lenge. Ein må truleg tilbake til Vikingtida, eller 2 000 år attende, for å finne eit like varmt klima og like små brear, seier Elvehøy.