Hopp til innhold

NVE ber kommunar og privatfolk vere obs

Det har regna tett det siste døgnet, og det kjem meir. NVE har sendt ut flaumvarsel på nivå to. – Situasjonen må følgjast tett, er oppmodinga frå regionsjefen.

Vassenden, 20. desember 2015

MYKJE VATN: Slik ser det ut på Vassenden søndag ettermiddag.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Meteorologisk institutt sende laurdag ut OBS-varsel om mykje regn på Vestlandet, søndag kom det eit nytt. Samtidig sende Norges vassdrags- og energidirektorat ut eit flaumvarsel på nivå to.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

VER OBS: Er den klare meldinga frå Brigt Samdal i NVE:

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Auka merksemd frå både kommunar og grunneigarar er viktig på gult nivå, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal til NRK.no søndag ettermiddag.

– Viktig med opne rister og kulevertar

NVE på Vestlandet har sett beredskap for å følgje situasjonen utover dagen og morgondagen. For Rogaland og Sogn og Fjordane er det sendt ut flaumvarsel nivå to, medan det i Hordaland er hakket verre. Der skapar dei store nedbørsmengdene allereie problem, og E16 er stengd på Voss på grunn av mykje vatn i vegen.

Brigt Samdal seier folk i Sogn og Fjordane også bør vere obs på konsekvensane som kan følgje av det veldige regnvêret.

– Lokalt må ein følgje med på ulike dreneringsvegar og syte for at stikkrenner og rister er frie slik at vatnet får gå den vegen det normalt skal gjere, seier han.

Jølstravatnet

OVER SINE BREIDDER: Jølstravatnet går søndag over sine breidder. Slik ser det ut på Vassenden.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Kan utvikle seg

Han seier det ikkje er utenkjeleg at det også i Sogn og Fjordane kan bli problem. Spesielt kan det bli problematisk om vatnet ikkje får renne vekk og dannar tek nye vegar.

– I ein del høgareliggande område med snø og is kan det bli tette punkt der vatnet tek nye vegar. Når vatnet tek nye vegar veit ein aldri kva som kan skje. Då kan ein få utgravingar eller utglidingar som både kan føre til stengde vegar, seier han.

Fylket rundt har elvene vakse seg store etter dei store nedbørsmengdene. Med høge temperaturar i tillegg skapar snøsmelting til fjells ytterlegare problem.

– I indre deler av Sogn og Fjordane, der dei i tillegg får snøsmelting høgt til fjell, så kan dette utvikle seg til lokalt krevjande situasjonar, seier Samdal.

Held situasjonen under oppsikt

I Aurland har ordførar Noralv Distad og innbyggjarane fleire flaumar friskt i minne. Han seier kommunen no følgjer situasjonen tett.

– Førebels har vi ikkje fått inn meldingar om problem. Men vi har bede innbyggjarane vere varsame og observante, seier Distad.

I natt gjekk det eit snø- og steinskred ved Blomhellertunnelen i Aurland som stengjer Flåmsbana. Distad seier jorda allereie er ganske metta av regn, og at det aukar faren for steinnedfall og ras.

– I Hordaland er faregraden på nivå tre, oransje, og vi ligg nære dei. Vi opplever allereie at E16 er stengd og at vi ikkje har vegsamband til Voss, så her er vi obs på situasjonen.